Fjellsymre er ein lågvaksen plante som er innført og dyrka som prydplante. Planten kjem opphaveleg frå Sør-Europa. Arten vert stundom forveksla med balkansymre. Vi tek han derfor med her sjølv om det førebels ikkje er bekrefta funn av arten som forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Fjellsymre (hagesymre) er ei fleirårig urt med kort, krypande jordstengel. Ho vert ca. 25(–30) cm høg. Stengelen er enkeltståande og oftast snau eller stundom med nokre få hår. Planten har to (sjeldnare eitt eller tre) langskafta (opptil 20 cm) grunnblad som er dobbelt trekopla. Grunnblada er håra på begge sider. Stengelblada er skafta (1–3 cm) og djupt tre- (eller sjeldnare) femflika til om lag kopla. Blomane sit oftast einsame eller sjeldnare to saman på kvar stengel, og dei er 2,5–3,5(–5,5) cm breie. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande) og oftast bleikt blå eller stundom blå eller kvite, smale og 12–18(–21) i talet. Dei er noko håra på utsida, særleg mot grunnen. Pollenknappane er bleikt gule eller kvite. Blomane er insektpollinerte. Smånøttene sit i ein opprett fruktstand, er håra med eit krøkt nebb. Vi veit ikkje korleis fruktene vert spreidde.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjellsymre er innført og vert truleg dyrka som prydplante. Arten har vore angjeven som forvilla og bufast i Hvaler (Østfold), i alle fall sidan 2006, og i Karmøy (Rogaland, sjå Lid & Lid 1994), men desse belegga er no (oktober 2021) ombestemte til balkansymre (A. blanda). Arten er heimleg på Vest-Balkan, i Italia (Apenninane og Sicilia) og på Korsika, men er vanleg dyrka og delvis naturalisert elles i Europa.

Kommentarar

Stundom vert denne arten rekna til slekta Anemonoides Mill.

Ein trur ikkje at fjellsymre set frø i Norden, men ho spreier seg truleg effektivt vegetativt.

Forvekslingar

Fjellsymre liknar på balkansymre, men ho skil seg frå ho i at begerblada er håra på utsida , medan dei er snaue hos balkansymre. Fruktstanden er dessutan opprett hos fjellsymre, medan han er nikkande hos balkansymre. Fjellsymre har dessutan ein krypande (riktignok kort) jordstengel, medan balkansymre har ein knollforma jordstengel.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Uotila P (2001). Anemone L. and Anemonidium (Spach) Holub. i: Jonsell, B. (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305, 310.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Fjellsymre Anemone apennina L. www.artsdatabanken.no/Pages/324953. Lasta ned <dag/månad/år>.