Ballastsoleie er ein lågvaksen til middels høg plante som tidlegare vart innført med ballastjord og som òg er komen inn i seinare tid, truleg med gartnerivarer. Han har gule blomar og stengel med sprikjande hår og ser med andre ord ut om lag som alle dei andre soleiene, med unnatak for dei særprega, nedbøygde begerblada.

Kjenneteikn

Ballastsoleie er ei eittårig urt som vert om lag 7–40 cm høg. Stengelen har lange, stive og sprikjande hår. Grunnblada er kantete i omriss og delte til grunnen i tre hovudflikar (om lag trekopla). Blomeskafta er riflete. Blomane er gule og middels store (dvs. 1,5–2,5 cm breie). Begerblada er sterkt nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er flattrykte og snaue, ofte med butte vorter i kanten, og med kort, rett eller litt bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er di-, tetra- og heksaploid med grunntal 8. 2n = 16, 32, 48. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Ballastsoleie er funnen langsmed kysten på open, fuktig, næringsrik og ofte sandhaldig jord. Arten vart tidlegare innført med ballastjord og med korn ved møller og er i seinare tid komen inn med gartnerivarer. Arten er funnen nokre få stader i kyststrøk frå Østfold til Hordaland og elles i Skaun og Trondheim (Sør-Trøndelag). Etter 1940 er arten berre funnen ved møller i Skien (Telemark) og Trondheim (Sør-Trøndelag), ved eit gartneri i Ålesund (Møre og Romsdal), og som gateugras med masseførekomst i Oslo i 2013. Arten er heimleg i Mellom- og Sør-Europa og Nordvest-Afrika.

Forvekslingar

Ballastsoleie har nok opptil fleire forvekslingsartar, men kanskje først og framst knollsoleie R. bulbosus; desse skil seg ved at ballastsoleie er eittårig utan stengelknoll, medan knollsoleie er fleirårig med stengelknoll. Ballastsoleie liknar òg noko på kamsoleie Ranunculus muricatus; båe er eittårige og har nedbøygde begerblad. Ballastsoleie har smånøtter med butte vorter, medan kamsoleie har taggete smånøtter.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Ballastsoleie Ranunculus sardous Crantz www.artsdatabanken.no/Pages/286373. Lasta ned <dag/månad/år>