Kanadasymre er ein mellomstor plante som er innført og dyrka som prydplante. Blomane sit enkeltvis på stenglane og er nokså store; planten ser ut som ei storvaksen kvitsymre når han blømer utpå sommaren. Arten kjem opphaveleg frå austlege Nord-Amerika og er i ferd med å forville seg nokre få stader i landet.

Kjenneteikn

Kanadasymre er ei fleirårig urt med krypande jordstengel. Planten vert ca. 30–60 cm høg, og stengelen er ugreina eller litt greina med sprikjande hår. Han har langskafta grunnblad som er djupt femdelte med djupt flika småblad. Stengelblada er sitjande, men elles som grunnblada. Blomane sit enkeltvis og er 2–4 cm breie og kvite. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), fem eller seks i talet, kremkvite og håra på undersida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte. Smånøttene er flattrykte, breitt vengjekanta og med rett nebb. Smånøttene er håra og vert spreidde med vinden.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 7. 2n = 14. Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kanadasymre er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Han er i ferd med å forville seg, særleg i skogkantar, og er førebels funnen i Eidsberg (Østfold), Oslo, Bærum (Akershus), Tønsberg (Vestfold) og Bodø (Nordland). Kanadasymre er heimleg i austlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Arten blei tidlegare rekna til Anemone-slekta, men både morfologi (m.a. vengjekanta smånøtter) og kromosomtal (grunntal x = 7) og molekylære undersøkingar støtter at han no vert rekna til ei særskild slekt.

Forvekslingar

Kanadasymre kan vere snarlik kvitsymre Anemone nemorosa, men kanadasymre er meir høgvaksen, har større blomar og blømer mykje seinare. Arten har dessutan femdelte grunnblad, ikkje tredelte som hos kvitsymre. Kanadasymre har òg håra smånøtter som er vindspreidde, ikkje snaue, maurspreidde smånøtter som hos kvitsymre.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293–307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemonidium (Spach) Holub. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 310.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kanadasymre Anemonidium canadense (L.) Á.Löve & D.Löve www.artsdatabanken.no/Pages/286362. Lasta ned <dag/månad/år>