Orientriddarspore er ein eittårig plante som er innført på ymse vis, og særleg ved møller. Etter 1959 er han berre funnen tre gonger. Arten kjem opphaveleg frå Sør-Europa, Nordvest-Afrika og Vest-Asia.

Kjenneteikn

Orientriddarspore er ei opptil 90 cm høg, eittårig urt med stengel med utståande greiner og sprikjande hår. Nokre av håra har ein oppsvollen grunn. Blada er fleire gonger delte med trådsmale flikar med korte stive hår langsmed kanten. Blomane sit i ein kort klase, er monosymmetriske med fem raudfiolette, petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Kronblada er samanvaksne til eit nektarium som stikk opp i sporen. Dei nedre støtteblada er delte. Forblada på blomeskaftet når opp til blomen. Arten har eitt fruktblad som vert til ein skolmkapsel.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Orientriddarspore er innført med ballastjord, korn og som prydplante. Han er ikkje bufast i Noreg og er funnen på spreidde stader, hovudsakleg i Sør-Noreg. Dei fleste funna er frå første halvdel av 1900-talet: Fredrikstad og kanskje Akerøya i Hvaler (Østfold), Oslo, Skien (Telemark), Kristiansand (Vest-Agder) og Trondheim (Sør-Trøndelag). Eit enkeltståande funn i Sør-Varanger (Finnmark) på jordhaug i 1998 er usikkert identifisert (men er truleg ein Consolida). Arten er heimleg i Sør-Europa, Nordvest-Afrika og i Asia aust til Tibet.

Forvekslingar

Orientriddarspore kan verte forveksla med dei to andre Consolida-artane åkerriddarspore C. regalis og hyasintriddarspore C. ajacis. Hos orientriddarspore er dei nedre støtteblada i blomestanden delte og fruktblada er håra (skilnad mot C. regalis). Sporen er dessutan kortare enn 12 mm og forblada på blomeskaftet når opp til blomen (skilnad mot C. ajacis).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Consolida Gray. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 326–328.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Orientriddarspore Consolida orientalis (J.Gay) Schrödinger www.artsdatabanken.no/Pages/286528. Lasta ned <dag/månad/år>.