Piggsoleie er ei lita, eittårig soleie som er komen inn med ballastjord, korn og grønsakfrø. Ho er ikkje funnen i Noreg på meir enn 50 år.

Kjenneteikn

Piggsoleie er ei eittårig urt som er om lag 15–50 cm høg. Stengelen er opprett, ugreina eller fågreinera, og spreidd og sprikjande håra. Grunnblada er frå grunt tanna i spissen til djupt tredelte med linjeforma flikar. Blomeskafta er trinne. Blomen er 1,2–1,8 cm brei. Kronblada er bleikgule, og begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er få og snaue, med lange, krokete piggar og grovt, bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Piggsoleie er ein innført art som kom inn mellom anna med ballastjord, korn og grønsakfrø. Han vart tidlegare mest funnen på ballastplassar og ved møller, og han er ikkje sett i Noreg på meir enn 50 år. Arten vart funnen spreidde stader i Sør-Noreg, langsmed kysten frå Fredrikstad (Østfold) og Oslo til Kvinnherad og Kvam (Hordaland). Piggsoleie er heimleg i Mellom-Europa (nord til Sør-Skandinavia), Middelhavsområdet og Vest-Asia.

Forvekslingar

Piggsoleie liknar på tiggarsoleie R. sceleratus, men har trinne og lodne blomeskaft og tagga smånøtter, medan tiggarsoleie har snaue og riflete blomeskaft. Piggsoleie er dessutan truleg utgått frå Noreg, og er dermed eit usannsynleg funn.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Piggsoleie Ranunculus arvensis L. www.artsdatabanken.no/Pages/286611. Lasta ned <dag/månad/år>.