Fjellfrøstjerne er ein liten, delikat og vakker, heimleg plante som veks på baserik grunn i fjellet i heile landet, nordover òg i låglandet.

Kjenneteikn

Fjellfrøstjerne er ei 5–20 cm høg, fleirårig og om lag snau urt med grann stengel som er bøygd nedst, og med berre eitt, eller stundom heilt utan, stengelblad. Blada er to gonger finna og blågrøne på undersida. Blomeklasen er bladlaus med fiolette (sjeldan gule) blomar. Blomane er små og firetalige, utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små og grøne med langsgåande ribber.

Fjellfrøstjerne har ein grann stengel som er bøygd nedst og med eitt eller ingen stengelblad.

Blomeklasen er bladlaus med fiolette begerblad og mange pollenberarar i tett dusk.

Fruktstand hos fjellfrøstjerne. Smånøttene sprikjer frå kvarandre i toppen og blir ofte spreidde med dyr.

Kromosomtal

Arten er hovudsakleg diploid med grunntal x = 7. 2n = 14 (21). Teljingar på 2n = 14 er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjellfrøstjerne veks på slåtteeng og i beitemark, i urterik skog (særleg fjellbjørkeskog), på hei og myr og på tidleg snøleie, på baserik grunn. Arten er hovudsakleg knytt til mellomboreal til subarktisk sone (dels òg sørboreal sone) og går i lågalpint til mellomalpint høgdebelte (dels òg i høgalpint).

Arten er vanleg i åstrakter og i fjellet nordover frå Ringsaker (Hedmark) og Gjøvik og Nordre Land (Oppland), Sigdal (Buskerud), Kviteseid (Telemark), Bykle (Aust-Agder) og Suldal (Rogaland). Han er meir sjeldsynt i låglandet på Vestlandet, men vanleg ut til kysten nordover frå Nordmøre. Fjellfrøstjerne er funnen opp til 1920 moh. i Jotunheimen (Vågå, Oppland). Arten har elles ei spreidd sirkumpolar og arktisk-alpin utbreiing sør til sørvestlege USA, Spania og Sør-Asia.

Forvekslingar

Fjellfrøstjerne har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Fjellfrøstjerne Thalictrum alpinum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286510. Nedlastet <dag/måned/år>