Svalbardsoleie veks, ikkje overraskande, på Svalbard. Her avbilda i Longyearbyen.

Svalbardsoleie er ein lågvaksen, heimleg plante i glinsesoleieslekta. Blada er kileforma, og blomen er liten og bleikgul. Arten veks på Svalbard og ikkje på fastlandet.

Kjenneteikn

Svalbardsoleie er ei fleirårig, snau urt som vert om lag 5–15 cm høg. Planten har ein krypande (eller flytande), tjukk og lys jordstengel. Blada er kileforma, tre- til femdelte til nedanfor midten med framoverretta flikar. Blomen er 1,5–2,0 cm brei og sit på eit langt skaft frå bladhjørne på jordstengelen. Han har 5–6 bleikgule kronblad og tre begerblad. Fruktfestet er snautt. Arten set dårleg pollen, og er ikkje funnen med utvikla frukt.

Svalbardsoleie med krypande (eller flytande i vatn), tjukk og lys jordstengel. Blomen sit på eit langt skaft frå bladhjørne på jordstengelen.

Kromosomtal

Arten er triploid med grunntal x = 8. 2n = 24. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale. Det triploide kromosomtalet (foreldra er diploide og tetraploide) forklarar mangelen på fruktsetjing.

Økologi og utbreiing

Svalbardsoleie veks i våtmark, ofte i tett mose og i grunne dammar i mellomarktisk til nordarktisk sone. Arten veks spreidde stader i fjordane på sørlege halvdelen av Spitsbergen og på Edgeøya. Arten veks elles spreidd sirkumpolart, men er først dei seinare tiåra påvist med tryggleik i arktisk Russland og Canada.

Kommentarar

Frukter vert ikkje utvikla hos denne triploide hybrid-arten, men han formeirar seg effektivt med klonal vekst ved hjelp av jordstenglane og kan danne store bestandar. Han spreier seg opplagt med at delar av jordstengelen heng fast i fugl. Våtmarkene med svalbardsoleie er mykje utnytta beiteområde for gjæser.

Forvekslingar

Svalbardsoleie kan verte forveksla med glinsesoleie C. pallasii; svalbardsoleie er hybriden mellom glinsesoleie og lappsoleie C. lapponicum. Svalbardsoleie set ikkje mogen frukt, men det gjer dei to andre. Svalbardsoleie skil seg frå glinsesoleie ved ein mindre, 1,5–2,0 cm brei (versus 1,8–2,5 cm brei), gulkvit (versus reint kvit) blome. Blada er vidare delte til nedanfor midten i 3(5) flikar hos svalbardsoleie, medan dei er udelte eller delte om lag til midten i 2–3 flikar hos glinsesoleie. Svalbardsoleie er (som glinsesoleie) ein liggjande til oppstigande plante med noko krøkte fruktskaft, medan lappsoleie er ein opprett plante med rake fruktskaft.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Svalbardsoleie Coptidium ×spitsbergense (Hadac) Luferov & Prob. www.artsdatabanken.no/Pages/286396. Lasta ned <dag/månad/år>.