Symreslekta inneheld, slik ho er avgrensa her, sju artar i Noreg. To av desse, kvitsymre og gulsymre, er heimlege, medan dei andre er forvilla hageplantar. Dei lærde stridast om avgrensinga av denne slekta; stundom er kubjølle-, kanadasymre- og blåveisslektene òg inkluderte i ei vidt avgrensa slekt. Dersom ein vel ei smalare avgrensing, er ikkje eingong kvitsymre og gulsymre med lenger.

Symreslekta Anemone, her representert med den mest velkjente arten, kvitsymre.

Anemone-artane har krypande, som her, eller knollforma jordstengel. På stengelen sit 3 grøne, flika blad i krans. Begerblada er kronbladliknande og kvite, som her, eller farga. Kronblad manglar.

Symreslekta inneheld, slik ho er avgrensa her, sju artar i Noreg. To av desse, kvitsymre og gulsymre, er heimlege, medan dei andre er forvilla hageplantar. Dei lærde stridast om avgrensinga av denne slekta; stundom er kubjølle-, kanadasymre- og blåveisslektene òg inkluderte i ei vidt avgrensa slekt. Dersom ein vel ei smalare avgrensing, er ikkje eingong kvitsymre og gulsymre med lenger.

Avgrensinga av slekta Anemone er omstridd og fleire molekylære studium tyder på at ho ikkje er monofyletisk. Anten kan ein avgrense ho vidt (og då går både Hepatica, Anemonidium og Pulsatilla inn), eller ho kan verte splitta opp i fleire mindre slekter. Førebels har vi her berre gjennomført utsplittinga av Hepatica med blåveis, kubjøllene Pulsatilla og Anemonidium med kanadasymre. Hepatica og Anemonidium har begge eit anna grunnkromosomtal enn dei resterande artane (sjå under), og alle tre slektene skil seg òg morfologisk frå kvarandre og frå dei andre anemonane.

Dei gjenverande norske artane i Anemone-slekta vert stundom delte på Anemonoides med A. nemorosa, A. ranunculoides, A. sylvestris og A. blanda, Eriocapitella med E. scabiosa og E. tomentosa (her som Anemone scabiosa og A. tomentosa) og Anemone s.str. med Anemone coronaria. Ei anna viktig gruppe er Anemonastrum med A. narcissiflora-gruppa, som vi ikkje har i Noreg. Slekta Pulsatilla er nært i slekt med Anemone-artane i vid forstand, og det er òg føreslege å ta denne slekta inn i ei vidt avgrensa Anemone-slekt. Inntil vidare vel vi å behalde Pulsatilla-slekta åtskild frå Anemone i (halv)vid forstand.

Det er mogleg at denne handsaminga er korkje fugl eller fisk, og at ein anten bør gå for ei svært vid Anemone-slekt eller kanskje heller akseptere fleire av desse mindre slektene. Så lenge det er såpass mykje sprik i korleis slekta vert handsama, vel vi førebels denne mellomløysinga for ikkje å vekkje for mykje åtgaum.

Artane i symreslekta, slik ho er avgrensa her, er fleirårige urter med krypande eller knollforma jordstengel og som veks i vide matter. Blad og stenglar kjem rett frå jordstengelen. På stengelen sit tre grøne, flika blad i krans. Kronblad manglar, men begerblada er kronbladliknande, sokalla petaloide. Dei sit i éin krans, er 5–15(–20) i talet, og er kvite eller farga i gult, rosa, raudt eller blått. Griffelen er kort, og smånøttene er snaue eller håra med høvesvis maurspreiing eller vindspreiing.

Grunnkromosomtalet er x = 8 hos desse artane (som hos artane i slekta Pulsatilla), medan det er x = 7 hos Hepatica og Anemonidium.

Kjelder

Dutton BE, Keener CS og Ford BA (1997). Anemone Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 139–158.

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotaxonomica Sinica 39: 293–307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Systematic Botany 19: 169–200.

Jiang N, Zhou Z, Yang J-B, Zhang S-D, Guan K-Y, Tan Y-H mfl. (2017). Phylogenetic reassessment of tribe Anemoneae (Ranunculaceae): Non-monophyly of Anemone s.l. revealed by plastid datasets. PLoS ONE 12(3): e0174792. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0174792

Mosyakin SL (2016). Nomenclatural notes on North American taxa of Anemonastrum and Pulsatilla (Ranunculaceae), with comments on the circumscription of Anemone and related genera. Phytoneuron 79: 1–12.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Wencai W, Ziman SN og Dutton BE (2001). Anemone Linnaeus. I: WU ZY, Raven PH and Hong DY (red.), Flora of China. 6, Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 307–328.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Symreslekta Anemone L. www.artsdatabanken.no/Pages/315274. Lasta ned <dag/månad/år>.