Adonisslekta er heimehøyrande i Europa, Asia og Nord-Afrika, men ingen av artane er heimlege i Noreg. Nokre artar i slekta vert dyrka som staudar, kanskje òg nokre som sommarblomar. Den framande arten åkeradonis kom tidlegare inn med korn og andre frø, men han har ikkje greidd å få ordentleg fotfeste i Noreg.

Adonisslekta med Adonis vernalis som syner dei fint flika blada og med ein einskildt stor blome. Biletet er teke på Öland der denne arten er heimleg.

Adonisslekta er ei slekt med rundt 30 artar som er heimehøyrande i Europa, Asia og Nord-Afrika. Ingen av artane er heimlege i Noreg, men den eittårige arten åkeradonis Adonis annua er ein framand plante som tidlegare kom inn med korn og andre frø, men som ikkje har greidd å etablere seg hos oss. Ein fleirårig art, våradonis A. vernalis L., er heimleg i Norden, nærare bestemd på Öland og Gotland i Sverige.

Slektsnamnet syfter på den greske mytiske karakteren Adonis som skal ha vore elskaren til Afrodite. Dei raude blomane i nokre artar av slekta er etter sigande farga av hans blod, etter at han vart drepen av eit villsvin sendt av ein sjalu Ares.

Artane i slekta er eitt- eller fleirårige nokså lågvaksne urter. Grunnblad og nedre stengelblad er ofte skjelforma, medan dei øvre stengelblada er fint hand- eller fjørflika. Plantane har endestilte, einskilde blomar, og dei er radiærsymmetriske og tokjønna med 5–8 begerblad og 3–20 kronblad. Blomane er raude, oransje eller gule med talrike pollenberarar og fruktemne. Fruktemna vert til smånøtter som visstnok er populære hos maur. Til skilnad frå dei fleste andre slektene i soleiefamilien, har ikkje Adonis spesialiserte nektarium som tiltrekkjer seg pollinatorar; dei tilbyr berre pollen som påskjøning.

Kjelder

Dezhi F og Orbélia RR (2001). Adonis Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 389–391.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Parfitt BD (1997). Adonis Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 184–187.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Adonisslekta Adonis L. www.artsdatabanken.no/Pages/324736. Lasta ned <dag/månad/år>.