Fliksoleie er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som veks på Svalbard og ikkje på fastlandet i Noreg. Han har ein nokså stor, ofte einskild, gul blome. Arten har truleg ukjønna frøformeiring.

Kjenneteikn

Fliksoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 10–25 cm høg. Stengelen er opprett og snau nedst og fint dunhåra øvst. Grunnblada er runde i omriss, djupt handflika med brei midtflik og smale, fingerforma flikar nedst (sju eller fleire flikar totalt). Støtteblada i blomestanden har fleire enn tre linjeforma flikar. Blomeskafta er trinne. Planten er ofte einbloma med ein stor, ca. 2 cm brei, blome. Kronblada er bølgjete på langs (plisserte, skilnad mot alle andre soleier i Noreg). Begerblada er gråhåra på undersida og ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er glatte, i førstninga håra, men vert snaue med tida, og med eit sylforma nebb som fell av tidleg.

Kromosomtal

Arten er tetra- eller heksaploid med grunntal x = 8. 2n = 32, 48. Teljingar på 2n = 32 er mellom anna utførte på norsk materiale. Diploide teljingar (2n = 16) rapporterte for arten, høyrer truleg til den sentralasiatiske slektningen Ranunculus pedatifidus Sm.

Økologi og utbreiing

Fliksoleie veks på frodig grasbakke, ofte i fuglegjødsla berg og rasmark og i fuglefjell, i mellomarktisk sone. Arten finst nokre stader kring fjordane vest på Spitsbergen (Svalbard). Han er utbreidd elles i sirkumpolare område.

Forvekslingar

Fliksoleie er snarlik den eine småarten i nyresoleiegruppa som òg veks på Svalbard, nemleg polarnyresoleie. Fliksoleie har beger som er tett gråhåra, medan polarnyresoleie har grisse håra beger. Blomeskaftet hos fliksoleie strekkjer seg sterkt i fruktstadiet, medan det strekkjer seg lite hos polarnyresoleie. Stengelblada er delte i 4–6 flikar hos fliksoleie og i 5–8 flikar hos polarnyresoleie. Kronblada er oftast bølgjete i kanten hos fliksoleie, medan dei er jamne i kanten hos polarnyresoleie. Begerblada hos fliksoleie er tett gråhåra på undersida, medan dei berre er grisse håra hos polarnyresoleie (som hos dei andre nyresoleiene). Til sist, smånøttene hos fliksoleie har skarpt nedbøygd nebb, men jamt bøygd nebb hos polarnyresoleie.

Fliksoleie på Svalbard gjekk lenge under namnet P. pedatifidus, men dette namnet høyrer til ein annan, men nærskyld art i Sentral-Asia.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Fliksoleie Ranunculus arcticus Richardson. www.artsdatabanken.no/Pages/286376. Lasta ned <dag/månad/år>.