På verdsbasis inneheld hjelmslekta mellom 100 og 400 artar; dei lærde er ikkje heilt einige om talet. Tyrihjelm er den einaste heimlege arten i slekta. I tillegg kjem nokre få artar som har forvilla seg frå dyrking. Artane i slekta er særs giftige.

Tyrihjelm, vår heimlege representant for tyrihjelmslekta Aconitum.

Dei fem begerblada er kronbladliknande, ulikt store, og det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp hos artar i slekta Aconitum.

På verdsbasis inneheld slekta Aconitum eit uklårt antal artar. Ifølgje ‘Flora of China’ har slekta kring 400 artar (211 av desse i Kina åleine), medan ‘Flora of North America’ er nede i om lag 100. Ulike oppfatningar om artsavgrensinga i slekta er truleg bakgrunnen for dette spriket i talfesting. Slekta har ei sirkumboreal utbreiing over storparten av den nordlege halvkula og sør til Marokko og Sør-Asia, med størst mangfald i Asia. Det har vore antyda at Aconitum fylogenetisk er omslutta av Delphinium (Jabbour og Renner 2012), men dette ser ikkje ut til å ha slått heilt an og har truleg vorte løyst ved å gje avvikande enkeltartar ny slektstilhøyrsle.

Dette er fleirårige urter. Stengelen er høg og rak. Blada er djupt handflika til om lag handdelte. Blomane er monosymmetriske og sit i lang klase eller topp. Dei fem begerblada er kronbladliknande, sokalla petaloide, gråfiolette, blå eller gule (sjeldan spreklete i blått og kvitt, gulkvite eller reint kvite), ulikt store, og det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp. Blomen har 2–10 kronblad, og det bakre paret sit som to nektarium oppe i hjelmen, medan dei andre er smale og små eller manglar heilt. Dei tre (stundom fem) fruktblada blir til skolmkapslar. Artane er giftige.

Vår heimlege art, tyrihjelm A. septentrionale, er ein velkjend art i høgstaudeskog og -eng til opp over skoggrensa. I tillegg vert nokre artar dyrka og er funne forvilla.

Kjelder

Brink DE og Woods JA (1997). Aconitum Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 191–195.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jabbour F og Renner SS (2012). A phylogeny of Delphinieae (Ranunculaceae) shows that Aconitum is nested within Delphinium and that Late Miocene transitions to long life cycles in the Himalayas and Southwest China coincide with bursts in diversification. Molecular Phylogenetics and Evolution 62: 928–942.

Liangqian L og Kadota Y (2001). Aconitum Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 149–222.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hjelmslekta Aconitum L. www.artsdatabanken.no/Pages/315289. Lasta ned <dag/månad/år>.