Stivranke er innført og dyrka som prydplante. Arten forvillar seg ein sjeldan gong og er førebels berre kjent frå Oslo, Akershus og Rogaland. Han kjem opphaveleg frå Mellom- og Sør-Europa.

Kjenneteikn

Stivranke er ei 0,5–1 m høg, fleirårig opprett urt (ikkje ein slyngplante), med motsette finna blad med 5–7 eggforma, heile småblad. Blomane er talrike og sit i toppar i bladhjørne, ca. 1 cm store og med kvite, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Kronblad manglar; blomane har ikkje bikrone. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Dei kvite blomane er talrike, små og sit i toppar i bladhjørne.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stivranke er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Han er førebels berre funnen forvilla i Oslo, Bærum (Akershus) og Randaberg (Rogaland), men det er uvisst om han er bufast nokon stad; alle funna er frå einskilde år ulike stader. Arten er heimleg i Mellom- og Sør-Europa.

Forvekslingar

Stivranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Stivranke Clematis recta L. www.artsdatabanken.no/Pages/286499. Lasta ned <dag/månad/år>.