På verdsbasis inneheld riddarsporeslekta over 300 artar som i hovudsak veks på den nordlege halvkula. Ingen av desse har greidd å kome seg til Noreg for eiga maskin. Vi har derimot eit par artar som har forvilla seg frå dyrking. Alle artane i slekta er giftige for menneske og husdyr.

Hageriddarspore, ein nokså vanleg forvilla riddarspore-art i Noreg.

Artar i riddarspore-slekta er oftast fleirårige og høgvaksne og med fleire skolmkapslar. Dei fem begerblada er kronbladliknande og ulikt store, det øvre med ein lang spore.

Nyare molekylære undersøkingar støtter ei vidare oppfatning av slekta Delphinium der mellom anna dei eittårige småriddarspore-artane (i Consolida) òg er innlemma. På verdsbasis inneheld slekta over 300 artar (meir enn 170 artar i Kina åleine), storparten fleirårige urter, meir sjeldan toårige eller eittårige. Slekta er heimleg på storparten av den nordlege halvkula i tillegg til nokre representantar i fjellområde i tropisk Afrika. Alle artar i slekta er giftige for menneske og husdyr.

I riddarsporeslekta finn vi i Noreg innførte, fleirårige hageplantar. Plantane er nokså høge med rak stengel, og blada er handdelte, hos somme artar heilt inn. Dei monosymmetriske blomane sit i en lang klase, og er blålege eller kvite. Begerblada er kronbladliknande, og det øvre har ein lang spore. Kronblada er korte og dei to øvre er ikkje samanvaksne og stikk inn i sporen som to nektarium. Fruktblada blir til fleire skolmkapslar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jabbour F og Renner SS (2011). Consolida and Aconitella are an annual clade of Delphinium (Ranunculaceae) that diversified in the Mediterranean basin and the Irano-Turanian region. Taxon 60: 1029–1040.

Jabbour F og Renner SS (2012). A phylogeny of Delphinieae (Ranunculaceae) shows that Aconitum is nested within Delphinium and that Late Miocene transitions to long life cycles in the Himalayas and Southwest China coincide with bursts in diversification. Molecular Phylogenetics and Evolution 62: 928–942.

Warnock MJ (1997). Delphinium Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 196–240.

Wencai W og Warnock MJ (2001). Delphinium Linnaeus, I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 223–274.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Riddarsporeslekta Delphinium L. www.artsdatabanken.no/Pages/315290. Lasta ned <dag/månad/år>.