Slektsnamnet Trollius har ikkje noko med troll på norsk å gjere; det kjem frå det høgtyske ordet «troll» som tyder kulerund. Dette syfter på den kulerunde blomen hos den heimlege arten ballblom. Hos nokre andre artar kan blomen vere meir open eller flat. Nokre av desse vert dyrka som prydplantar og har so vidt forvilla seg.

Ballblom er ein heimleg art, her frå Grane i Nordland. I tillegg vert nokre artar dyrka og er dels forvilla.

På verdsbasis har slekta Trollius om lag 30 artar som alle er heimehøyrande i tempererte eller kalde område på den nordlege halvkula. Blomefargen er typisk oransje, gul eller kvit.

Slekta omfattar fleirårige urter med handflika til handdelte blad. Blomane sit oftast enkeltvis og endestilte på stengelen. Hos nokre artar sit dei nokre få saman i ein liten kvast. Begerblada er fem eller fleire (som hos vår heimlege ballblom) og kronbladliknande (petaloide). Kronblada er ofte fleire og utforma som nektarium. Pollenberarane er òg talrike. Dei mange, frie fruktblada utviklar seg til skolmkapslar. Vår heimlege ballblom har ein bolleforma eller halvveges open blome, medan dei innførte artane har skålforma og meir opne blomar.

Slekta Trollius er i Noreg først og fremst kjend for vår heimlege ballblom med bolleforma, gul blome. Nokre framande og innførte artar i slekta, hovudsakleg frå Asia, vert òg dyrka hos oss, og to av desse er so vidt funne forvilla (hageballblom og yunnanballblom).

Begerblada er kronbladliknande og 5 eller fleire. Dei mange kronblada er utforma som nektarium. Medan vår heimlege ballblom har ein bolleforma blome, har denne dyrka og førebels ikkje forvilla arten - Trollius chinensis - ein meir skålforma, open blome.

Slekta har blomar med mange, frie fruktblad som utviklar seg til skolmkapslar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Laine U (2001). Trollius L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 333–334.

Liangquian L og Tamura M (2001). Trollius Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 137–142.

Parfitt BD (1997). Trollius Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 189– 190.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Ballblomslekta Trollius L. www.artsdatabanken.no/Pages/315286. Lasta ned <dag/månad/år>.