Blankfrøstjerne er ein høgvaksen, framand plante som har komen inn med tømmer i Larvik i Vestfold i 2007. Arten er òg innført som prydplante, men det er førebels ikkje funnen forvillingar frå slik dyrking. Blankfrøstjerne kjem opphaveleg frå Aust-Europa og Sibir.

Kjenneteikn

Blankfrøstjerne er ei 50–150 cm høg, fleirårig urt som er dunhåra på bladskaft, småbladskaft og på hovudnervane på undersida av blada. Blada er to til tre gonger finna og utan øyreblad. Blomane er samla i fleire tette, sylindriske toppar som er skrått retta oppover. Blomane er små og firetalige, med bleikgule, 23–27 mm lange begerblad, og med talrike pollenberarar i duskar i kvar blome. Pollentrådane er gule. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små og har delvis vengjekanta ribber.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 7. 2n = 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Blankfrøstjerne er komen inn med tømmer i Larvik (Vestfold)og er dokumentert berre éin gong, i 2007. Arten er delvis etablert i Finland på vegkantar og ved jernbanar og på eng, og her er han hovudsakleg komen inn med transportar frå Russland. Elles er han heimleg i Mellom- og Aust-Europa og Vest-Asia.

Forvekslingar

Blankfrøstjerne har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Blankfrøstjerne Thalictrum lucidum L. www.artsdatabanken.no/Pages/324890. Lasta ned <dag/månad/år>.