Nyresoleiene er ei stor gruppe av heimlege småartar, eit sokalla aggregat, som formeirar seg med ukjønna frøformeiring. Slik formeiring gjev ofte opphav til ei lang rekkje småartar der deira morfologi likevel held seg konstant. Dei veks over det meste av landet og har grunnblad som er nyreforma eller sirkelrunde i omriss, medan stengelblada har linjeforma, utanna flikar. Blomane har ofte noko reduserte kronblad av di dei ikkje treng insektpollingering for frøsetjing.

Kjenneteikn

Nyresoleiene er fleirårige og små til middels store urter, om lag 10–50 cm høge. Dei er spreidd håra, ofte dunhåra øvst, men stundom om lag snaue, blankt gulgrøne eller litt blågrøne. Jordstengelen sit djupt, og stengelen er grann nede og ofte gaffelgreina med blomar i halvskjerm. Grunnblada er nyreforma eller sirkelrunde i omriss, frå tanna til djupt flika i tre eller fleire flikar. Dei nedste støtteblada i blomestanden har fem eller fleire linjeforma, utanna flikar. Blomeskafta er trinne. Blomane er gule og av varierande storleik, men ofte er eitt eller fleire av kronblada noko reduserte. Kronblada er ikkje bølgjete (viktig skilnad mot R. arcticus). Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte, tett håra og med bøygd nebb.

Grunnblada varierer mykje, men er nyreforma eller sirkelrunde i omriss, tanna eller djupt flika.

Grunnblada er nyreforma eller sirkelrunde i omriss, tanna eller djupt flika. Dei nedste støtteblada i blomestanden har linjeforma, utanna flikar.

Blomane er gule og med varierande storleik. Ofte er eitt eller fleire av kronblada reduserte.

Kromosomtal

Småartane er diploide til høgpolyploide med grunntal x = 8. 2n = 16, 24, 32, 40, 44, 48, 56, 61, 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale, med unntak av 2n = 32.

Økologi og utbreiing

Nyresoleiene veks på eng, i beitemark, næringsrik skog, sumpskog og sump i nemoral til subarktisk sone og dels opp i lågalpint høgdebelte. Dei er nokså vanlege i heile landet og går heilt opp i snaufjellet til 1140 moh. på Hardangervidda (Ullensvang, Hordaland). Nyresoleie-førekomsten på Svalbard er ført til ein særskild art; sjå R. wilanderi. Aggregatet er elles utbreidd på Grønland, i Europa, i Nord- og Sentral-Asia og i Alaska, men med absolutt hovudførekomst i Europa.

Kommentarar

Nyresoleie-aggregatet er om lag ikkje granska i Noreg. Det er namngjeve ca. 36 småartar frå Noreg, medan vi kan ha 100 eller fleire. Vi kan difor ikkje gjere ei inndeling av aggregatet førebels, med unnatak for Svalbard der det berre er kjent éin art som er nokså ulik dei på fastlandet.

Forvekslingar

Nyresoleiene liknar noko på bakkesoleie og skogsoleie, men skil seg ofte ved mykje smalare og fleire flikar på stengelblada, grunnblada som ofte har rundt omriss, medan bakke- og skogsoleie alltid har kantete omriss, og i at det er vanleg med reduserte kronblad, noko som er svært sjeldsynt hos bakke- og skogsoleie. Nyresoleie står nær og liknar morfologisk på fliksoleie R. arcticus og polarnyresoleie R. wilanderi. Forveksling med desse er ikkje truleg av di dei to sistnemnde berre veks på Svalbard, medan nyresoleie ikkje er funnen her.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Ericsson S (2001). Ranunculus auricomus complex. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 237–255.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Nyresoleier Ranunculus auricomus agg. www.artsdatabanken.no/Pages/286374. Lasta ned <dag/månad/år>.