Bruk nøkkelen nedanfor, eller opne eit nytt vindauge (anbefalast for nyare mobile einingar).

Bestemmingsnøkkel til soleiefamilien Ranunculaceae

Denne hovudnøkkelen omfattar soleiefamilien Ranunculaceae og dei 23 slektane vi har i Noreg. Viktige karakterar i slekta er knytta til frukttype, vekseform, utforming og differensiering av blomedekket, bladstilling, bladtype og bladform. Når ein har nøkla seg fram til ei slekt, får ein tilbod om å forsetje namnfestinga i slektsnøkkelen i fall slekta inneheld fleire artar.

Korleis bruke bestemmingsnøklar?

Vurder svaralternativa i nøkkelen opp mot det som skal bestemmast, og vel det alternativet som passar. Finst det fleire enn to svaralternativ er det mogleg å velja bort karaktertrekka som ikkje passar. Du kan bla forbi spørsmål om karakterar du er usikker på, eller spørsmål det ikkje er mogleg å svara på. Du treng heller ikkje svara på alle spørsmåla eller svara i ei bestemd rekkefølge. Her finst mange vegar til målet! Ein god strategi er å svara på dei enklaste spørsmåla først. Når ein kjem til eit namneforslag, så må ein sjekke at omtale og bilde samsvarar med planta ein vil namnfeste.