Bakkesoleie er ein art med to underartar: den mest kjende, heimlege underarten engsoleie og den mindre kjende, innførte underarten parksoleie som truleg er komen inn med grasfrø og grasfôr. Namnet “smørblome” er knytta til denne arten, men òg til den nære slektningen skogsoleie.

Kjenneteikn

Bakkesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 10–75 cm høg. Stengelen er opprett og greina, snau eller håra med liggjande eller sprikjande, kvite hår (skilnad mellom underartane). Jordstengelen er opprett eller krypande (skilnad mellom underartane). Grunnblada har kantete omriss og er delte om lag til grunnen i fem (sjeldan sju) delar (den grunnleggjande femdelinga er ein viktig skilnad mot store delar av skogsoleie R. subborealis Tzvelev som har grunnleggjande tredelte blad). Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte, oftast i tre hovudflikar. Blomeskafta er trinne. Blomane er 1,5–3,5 cm breie og sit ofte mange saman. Kronblada er glinsande gule og ligg inntil kvarandre eller overlappar litt. Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–4 mm lange, glatte, snaue og med kort og litt bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er truleg diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Andre rapporterte tal byggjer truleg på andre, nærskylde artar.

Økologi og utbreiing

Bakkesoleie veks på kulturmark (eng og beitemark) og i beita skog (underarten engsoleie). Planten er vanleg i låglandet og opp i fjelldalane på Aust- og Sørlandet og i dal- og fjordstrøk på Vestlandet og i Trøndelag. Arten finst nordover i alle fall til sør i Nordland og har ei meir uklår utbreiing lenger nord. På Svalbard er den eine underarten, parksoleie, godt etablert som ugras i Barentsburg, medan den andre underarten, engsoleie, berre er funnen tilfeldig i Longyearbyen. Arten er utbreidd i Europa og Nord- og Mellom-Asia.

Kommentarar

«Engsoleie» var fram til og med 5. utgåva av Norsk Flora (Lid 1985) rekna som éin art med ein subsp. pumilus som ein fjellrase. I 6. utgåva (Lid & Lid 1994) blei ein tredje rase antyda, som «skogsoleie», men utan vitskapleg namn.  I Flora Nordica skilde Nurmi (2001) ut tre underartar av R. acris som subspp. acrisborealis og friesianus, og subsp. borealis med tre varietetar (der to av desse gjekk inn i «skogsoleie»). I 7. utgåva av Norsk flora (Lid & Lid 2005) godtok ein fem underartar: subspp. acris, villosus, borealis, pumilus og friesianus. Namnet «borealis» høyrer til ein sibirsk art som ikkje finst i Noreg. I 8. utgåva av Norsk flora (Elven mfl. 2022) er den tradisjonelle engsoleia delt på to artar: R. acris, bakkesoleie, der engsoleie er éin av to underartar, og R. subborealis, skogsoleie, med tre underartar. Årsaka til at vi no reknar med to artar er at det ikkje er dokumentert mellomformer mellom dei to, men fleire overgangar innanfor R. subborealis.

Forvekslingar

Bakkesoleie kan verte forveksla med skogsoleie Ranunculus subborealis og underartar av denne; ikkje så rart sidan sistnemnde har vore handsama som underartar av R. acris. Den innførte underarten av bakkesoleie, parksoleie subsp. friesianus, veks i vide matter med krypande jordstenglar, og det gjer korkje engsoleie eller skogsoleie. Den heimlege underarten av bakkesoleie, engsoleie subsp. acris, skil seg òg i håra på bladskaft og stengel (oftast med tiltrykte hår hos engsoleie og med sprikjande hår eller snaue hos skogsoleie og parksoleie), bladflikomriss (omvendt lansettforma eller omvendt eggforma hos engsoleie og parksoleie, eggforma eller avlange hos skogsoleie), og midtre hovudflik (delt meir enn halvvegs inn hos engsoleie og parksoleie og mindre enn halvvegs inn hos skogsoleie).

Bakkesoleie (først og framst underarten engsoleie – subsp. acris) kan verte forveksla med enkelte former av krattsoleie R. polyanthemos, men bakkesoleie har trinne, ikkje riflete, blomeskaft og oftast mindre blomar enn krattsoleie.

Bakkesoleie liknar noko på nyresoleie, R. auricomus-gruppa, men skil seg ved at stengelblada ikkje har talrike, linjeforma flikar som hos nyresoleie, og at grunnblada har kantete omriss hos bakkesoleie, medan dei er rundare i omriss hos nyresoleie. Reduserte kronblad er dessutan sjeldsynte hos bakkesoleie og vanlege hos nyresoleie.

Bakkesoleie liknar på den sjeldsynte, innførte arten sommarsoleie R. lanuginosus L., men sommarsoleie har mykje sprikjande, gulaktige hår på stenglar og blad, har mørkgule blomar og smånøtter som er 4–5 mm lange og med 1,8–2 mm lange nebb. Denne arten er dessutan berre funnen i og ved Botanisk hage i Oslo på 1930-talet og er innkomen éin gong med russisk tømmer i Vest-Agder (Kristiansand) i 1998. Forvekslingar med denne arten er difor ikkje sannsynleg.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Lid J (1985). Norsk, svensk, finsk flora. 5. utgåva, red. Gjærevoll O. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lid J & Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utgåva, red. Elven R. Det Norske Samlaget, Oslo.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Nurmi J (2001). Ranunculus acris L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 281–285.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Bakkesoleie Ranunculus acris L. www.artsdatabanken.no/Pages/286608. Lasta ned <dag/månad/år>.