Snøsoleie er ein nokså lågvaksen, heimleg plante som veks i snøleie i fjellet. Han er mest vanleg nordpå, meir sjeldsynt i sør. Beger og stengel er karakteristisk rustbrunt håra.

Kjenneteikn

Snøsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–20 cm høg. Stengelen er ugreina og grisse rustbrunt håra. Grunnblada er kantete i omriss med hjarteforma grunn, djupt handflika med tre eller fem hovudflikar, og dei er snaue både på skaft og underside. Blomeskafta er riflete. Blomane er nokså store, 1,5–3 cm breie og sit oftast enkeltvis. Begerblada er tett brunhåra og ikkje nedbøygde. Kronblada er glinsande gule. Fruktsamlinga vert høg og smal. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte og snaue med nebb om lag like langt som smånøtta.

Her er grunnblada meir nyreforma i omriss og har ikkje hjarteforma grunn.

Grunnblada er kantete i omriss og har hjarteforma grunn. Dei er djupt handflika.

Fruktskaftet er riflete. Fruktsamlinga er høg og smal. Smånøttene er glatte og snaue med nebb om lag like langt som smånøtta.

Kromosomtal

Arten er heksaploid med grunntal x = 8. 2n = 48. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale. Nokre få teljingar av 2n = 40 (pentaploid) og 2n = 56 (heptaploid) kan stamme frå hybridar med andre artar eller vere aneuploide.

Økologi og utbreiing

Snøsoleie veks i fuktige snøleie i fjellet og på frisk og fuktig tundra. På fastlandet veks arten mest berre på baserik grunn, medan han på Svalbard mest er knytt til meir basefattig grunn. Arten går frå sørarktisk til nordarktisk sone (Svalbard), og frå lågalpint til mellomalpint (og dels høgalpint) høgdebelte (fastlandet). Arten veks i fjellområde i sør med eit hovudtyngdepunkt kring Jotunheimen, Dovrefjell og Sunndalsfjella. I nord er han vanlegare frå Røyrvik i Nord-Trøndelag til Aust-Finnmark. I fjellet er han funnen opp til 1550 moh. på Dovrefjell (Oppdal, Sør-Trøndelag). Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert av Gjærevoll (1990). Arten er nokså vanleg i sentrale delar av Spitsbergen (Svalbard) og spreidd på øyane ikring. Arten er utbreidd elles i sirkumpolare område.

Kommentarar

Hybriden mellom snøsoleie og dvergsoleie R. pygmaeus er sjeldsynt og truleg steril. Han er funnen i Oppdal (Sør-Trøndelag) og nokre få stader i Nord-Norge og på Svalbard.

Forvekslingar

Snøsoleie liknar på polarsoleie; båe har brunhåra stengel og beger. Dei skil seg i forma på grunnblada: snøsoleie sine er kantete i omriss, nokså djupt delte i flikar og med hjarteforma grunn, medan polarsoleie sine er runde eller breitt spadeforma i omriss, grovt tanna og med kileforma eller tverr grunn. Vidare er fruktfestet snautt hos snøsoleie, medan det er håra hos polarsoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Gjærevoll O (1990). Ranunculus nivalis. I: Gjærevoll O, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 95–96 + pl. XXIX.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Snøsoleie Ranunculus nivalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/286378. Lasta ned <dag/månad/år>.