Vassoleiene er ei undergruppe (underslekt) av Ranunculus med vass- og sumpplantar med fleire spesielle trekk. Dei har kvite blomar, og storparten av artane har nokre særprega undervassblad med berre trådforma flikar.

Vassoleiene, her kystvassoleie frå Öland i Sverige, høyrer til ei eiga underslekt, Batrachium.

Vassoleiene er ei gruppe fleirårige vass- og sumpplantar med fleire spesielle trekk. Blada er handflika. To av artane har to svært ulike typar blad: grunt flika, grøne flyteblad med rundt omriss, og særs findelte, mørkgrøne undervassblad med trådforma flikar. Éin art har berre flyteblad, og tre artar har berre undervassblad. Dei fem kronblada er kvite, men ofte noko gule ved grunnen. Dei fem begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og vert spreidde med vatn og fugl.

Seks artar er sikkert påviste i Noreg, men éin av dei (leirsoleie, R. hederaceus) er ikkje funnen på mange tiår. Eit par andre artar har vore antyda i tillegg til desse. Alle artane er heimlege, men sjå kommentar under leirsoleie. Fleire av artane er vanskelege å halde frå kvarandre, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Hybridar er vanlege og synest ofte å vere sterile med reduserte fruktsamlingar som eit godt kjenneteikn. Dei formeirar seg sterkt vegetativt med skottbitar som blir spreidde med vatn og fugl, og dei kan utgjere alle eller hovuddelen av vassoleier i eit vassdrag. Hybridar med flyteblad har om lag alltid òg nokre trådforma flikar eller flikspissar eller mellomformer mellom flyteblad og undervassblad, medan artane oftast berre har reine flyteblad og/eller undervassblad. Storparten av det norske herbariematerialet som har vore identifisert til eit par av artane (R. peltatus og R. trichophyllus), synest vere hybridar.

Vassoleie-gruppa er blant dei soleiene som ein har freista å skilje ut som ei eiga slekt, men molekylære undersøkingar støttar ikkje dette. Gruppa er her handsama som ei underslekt; stundom vert ho òg handsama som ein seksjon. Wiegleb mfl. (2017) omtalar gruppa som ein seksjon med 30 artar. Artsavgrensinga er, ifølgje desse, komplisert på grunn av fenotypisk plastisitet, allo- og autopolyploidisering og hyppig hybridisering som kan resultere i genetisk uavhengige, sterile liner.

Vassoleiene ser ut til å kunne delast i fire grupper globalt, støtta av både morfologiske og molekylære karakterar i tillegg til kromosomtal. Av våre arter høyrer leirsoleie og hjulvassoleie til kvar si gruppe, medan resten av vassoleiene høyrer til den mest artsrike gruppa. Det ser vidare ut til at vassoleiene er omslutta av ei gruppe soleieartar med mellom anna tiggarsoleie R. sceleratus og sumpsoleie R. hyperboreus. Tiggarsoleie ser òg ut til å vere nære i slekt med vassoleiene når det gjeld innhald av flavonoider.

Vassoleiene har kvite blomar og ofte to typar blad: fint delte undervassblad med trådforma flikar og grundt delte flyteblad.

Kjelder

Cook CDK (1993). Ranunculus L. Subgen. Batrachium (DC.) A.Gray. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea. Volume 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae. 2. utg.:  285–286.

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B(red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hörandl E, Paun O, Johansson JT, Lehnebach C, Armstrong T, Chen L og Lockhart P (2005). Phylogenetic relationships and evolutionary traits in Ranunculus s.l. (Ranunculaceae) inferred from ITS sequence analysis. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 305–327.

Paun O, Lehnebach C, Johansson JT, Lockhart P og Hörandl E (2005). Phylogenetic relatioships and biogeography of Ranunculus and allied genera (Ranunculaceae) in the Mediterranean region and in the European Alpine System. Taxon 54: 911–930.

Wiegleb G, Bobrov AA og Gałosz JZ (2017). A taxonomic account of Ranunculus section Batrachium (Ranunculaceae). Phytotaxa 319: 1–55.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vassoleier Batrachium  www.artsdatabanken.no/Pages/286616. Lasta ned <dag/månad/år>.