Kystfrøstjerne har to underartar i Noreg. Lita kystfrøstjerne subsp. arenarium er heimleg og veks spreidd i kyststrøk frå Østfold og Akershus til Hordaland. Stor kystfrøstjerne subsp. minus er innført og dyrka som prydplante og har forvilla seg einskilde stader i Sør-Noreg.

Kjenneteikn

Kystfrøstjerne er ei 10–60 cm høg, fleirårig og om lag snau urt med liggjande til opprett stengel som er mest greina frå midten og oppover. Blada er store, breie og 3–4 gonger finna. Blomane er samla i ein vid og open, riktblømande topp med gule, lutande blomar. Blomane er små og firetalige, utan kronblad og med begerblad som tidleg fell av, og med talrike pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne og gule eller bleikraude. Pollenknappane er gule og broddspisse. Arra har svært korte papillar. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små og grøne med langsgåande ribber.

Kromosomtal

Arten er hovudsakleg heksaploid og dodekaploid med grunntal x = 7. 2n = 42 (84), men han utgjer eit stort kompleks der nokre rasar eller nærskylde artar òg er telte med 2n = 14, 28 og andre tal. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kystfrøstjerne er sørleg og veks spreidde stader i kyststrøk frå Østfold og vestover til Hordaland (Ulvik, Voss og Fusa). Arten er funnen opp til 850 moh. i Voss (Hordaland). Økologi og utbreiing er kort diskutert hos Fægri (1960). Underarten subsp. arenarium er kanskje begrensa til Vest-Europa. Den andre underarten, subsp. minus,  er innført og forvilla spreidde stader i Sør-Noreg, både på kysten og i innlandet. Denne underarten er heimleg i Europa, Nordvest-Afrika og store delar av Asia.

Kommentarar

Mange forfattarar inkluderer òg russefrøstjerne T. kemense i denne arten, som T. minus subsp. kemense. Russefrøstjerne skil seg meir frå kystfrøstjerne enn dei to underartane av denne skil seg frå kvarandre. Vi handsamar difor her russefrøstjerne som ein særskild art.

Forvekslingar

Kystfrøstjerne kan verte forveksla med russefrøstjerne T. kemense, men skil seg frå denne i å vere meir riktblømande med ein brei blomestand, medan russefrøstjerne har ein grissen blomestand med få blomar. Arra har svært korte papillar hos kystfrøstjerne, medan dei er lange og frynseforma hos russefrøstjerne. Kystfrøstjerne veks dessutan i sørlege kyststrøk i Sør-Noreg, medan russefrøstjerne veks i indre delar av Aust-Finnmark.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants: Thalictrum minus: 120 + pl. LI.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kystfrøstjerne Thalictrum minus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286620. Lasta ned <dag/månad/år>.