Tenestene våre

Artsdatabanken utviklar digitale tenester som gjer det lett å finne, forstå og bruke informasjon om artar og naturtypar i Noreg.

Med opne løysingar og data deler vi kunnskap om naturmangfald, slik at det kan brukast av alle – og bli ein del av avgjerder i forvaltning, forsking, undervisning og samfunnsdebatt.

Tenestene våre gir innsikt i kva vi veit – og kva vi manglar kunnskap om. Dei gjer det mogleg å registrere eigne observasjonar, sjå kvar artar er funne, identifisere artar, og utforske naturen gjennom kart og klassifiseringssystem.

Kunnskap og tenester

Artsorakel

Artsorakel er eit verktøy som gjev deg namnet på dyret, planten eller soppen du har teke bilete av. Appen er basert på kunstig intelligens, og ein modell som er trent til å kjenne igjen bilete av artar. 

Datadeling

Hente data

Her finn du informasjon om korleis du kan hente data, bruke kodetenester og få tilgang til tenestene.

Hente data

Levere data

Skal du levere datasett eller dele innhald med oss? Her finn du rettleiing og ressursar for ulike typar dataleveransar.

Levere data