Hyasintriddarspore er ein eittårig plante som er innført på ymse vis, men som sist vart dokumentert  frå Noreg i 1995. Arten kjem opphaveleg frå Middelhavsområdet og er truleg for varmekrevjande til å få dreisen på noko formeiring her i Noreg.

Kjenneteikn

Hyasintriddarspore er ei opptil 1 m høg, eittårig urt med greina og håra stengel. Blada er fleire gonger delte med trådsmale flikar med korte stive hår både langsmed kanten og på bladflata. Blomane sit i ein kort klase, er monosymmetriske med fem blåfiolette, petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Kronblada er samanvaksne til eit nektarium som stikk opp i sporen. Dei nedre støtteblada er delte. Forblada på blomeskaftet når ikkje opp til blomen. Arten har eitt fruktblad som vert til ein skolmkapsel med tiltrykte hår.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hyasintriddarspore er innført med korn og som prydplante. Han er funnen nokre få gonger i Sør-Noreg i Oslo, Ås (Akershus), Hamar (Hedmark), Sande og Larvik (Vestfold) og Kristiansand (Vest-Agder). Dei fleste funna er av nokså gammal dato; arten er ikkje påvist dei siste tiåra. Arten er heimleg i Middelhavsområdet.

Forvekslingar

Hyasintriddarspore kan verte forveksla med dei to andre Consolida-artane åkerriddarspore C. regalis og orientriddarspore C. hispanica. Hos hyasintriddarspore er dei nedre støtteblada i blomestanden delte og fruktblada er håra (skilnad mot C. regalis). Sporen er dessutan 12 mm eller lengre og forblada på blomeskaftet når ikkje opp til blomen (skilnad mot C. hispanica).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Consolida Gray. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 326–328.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hyasintriddarspore Consolida ajacis (L.) Schur www.artsdatabanken.no/Pages/286526. Lasta ned <dag/månad/år>.