Sumpsoleie er blant dei minste soleiene i Noreg. Det finst to underartar i Noreg, og båe er heimlege. Den eine veks på fastlandet og på Bjørnøya, og den andre veks på Jan Mayen og Svalbard, og kanskje nokre stader på kysten i Nord-Noreg. Sumpsoleie har små, gule blomar og skil seg frå dei fleste andre soleiene ved å ha tre kronblad og tre begerblad.

Sumpsoleie, her med underarten setersoleie, frå Sør-Varanger i Finnmark.

Kjenneteikn

Sumpsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 2–5 cm høg. Planten er om lag snau og mørkgrøn. Stengelen er krypande eller flytande og set røter i bladfesta. Blada er kantete i omriss og delte i tre hovudflikar som kan vere uregelrett og djupt delte på ny. Blomeskafta er trinne. Frå bladhjørne kjem bogeforma blomeskaft med einskilde, små (ca. 5 mm breie) og gule blomar med tre kronblad og tre begerblad som oftast er nedbøygde. Blomen har berre nokre få pollenberarar. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte, snaue og mest utan nebb.

Sumpsoleie er blant dei aller minste soleiene våre, og han er særprega ved å ha tre kronblad og tre begerblad.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale. Ein rapport om eit triploid tal, 2n = 24, er truleg feil.

Økologi og utbreiing

På fastlandet veks sumpsoleie spreidde stader i fjellskogen og på fjellet, på våt beitemark, i kjeldesig, vasspyttar og vasskantar, ofte der det er nitrogenrikt, og i Nord-Noreg heilt ut i skjærgården på øyar med mykje fugl; på Jan Mayen og Svalbard veks ho i våtmark i tundra, bekkesig og grunne dammar. På fastlandet veks arten spreidd i sør frå Ringsaker (Hedmark), Lillehammer (Oppland), Gol (Buskerud) og Luster og Stryn (Sogn og Fjordane) nord til Engerdal (Hedmark) og Oppdal (Sør-Trøndelag). I nord veks han frå sør i Helgeland til Aust-Finnmark. Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert av Gjærevoll (1990). Elles veks arten på Bjørnøya, Jan Mayen og Svalbard. Arten har ei omlag sirkumpolar utbreiing.

Kommentarar

Arten har tre underartar globalt, to av dei i Noreg; den tredje (subsp. tricrenatus (Rupr.) Á.Löve & D.Löve) er utbreidd frå nord frå europeisk Russland gjennom Nord-Asia til Beringstredet og i Nord-Canada. Underartane i Noreg er godt omtala hos Nilsson (2001). Vi er usikre på om dei to underartane som er rapporterte frå Noreg, er så godt skilde som Nilsson skal ha det til. Dei karakterane som skal skilje dei to, slår ikkje heilt til ved undersøkelse av herbariemateriale.

Forvekslingar

Sumpsoleie kan verte forveksla med dvergsoleie R. pygmaeus, men sumpsoleie har tretalig blome, medan dvergsoleie har femtalig blome. Stengelen er elles krypande og set røter i bladfesta hos sumpsoleie, medan han er opprett hos dvergsoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Gjærevoll O (1990). Ranunculus hyperboreus. I: Gjærevoll O, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 95 + pl. XXX.

Nilsson Ö (2001). Ranunculus hyperboreus Rottb. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 269–271.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Sumpsoleie Ranunculus hyperboreus Rottb. www.artsdatabanken.no/Pages/286610. Lasta ned <dag/månad/år>.