Haustsymre, ein storvaksen innført prydplante som har forvilla seg og er i ferd med å bli bufast.

Haustsymre er ein høgvaksen plante som er innført, dyrka som prydplante og forvilla nokre få stader. Han kjem opphavleg frå Kina og er i ferd med å etablere seg nokre stader kring Oslo og i Kristiansand. Planten blømer litt utpå hausten, noko det kanskje er mogleg å gjette ut frå det norske namnet.

Kjenneteikn

Haustsymre er ei fleirårig urt med opprett jordstengel. Planten vert ca. 40–100 cm høg og er spreidd langhåra over det heile. Han har mange og langskafta grunnblad som er djupt treflika eller tredelte med flikar som så er delte på ny. Stengelblada er kortskafta, men elles lik grunnblada. Blomane sit fleire saman i skjermforma blomestandar og er 4–6 cm breie. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), 5-6 i éin krans, kvite til rosa på innsida og rosa til purpur og håra på utsida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte. Fruktene er samla i valse- eller kuleforma hovud av mange smånøtter som er dekte av krøllhår. Smånøttene vert spreidde med vinden.

Kromosomtal

Diploid (stundom tetraploid) med grunntal x = 8. 2n = 16 (32). Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Haustsymre er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla og i ferd med å bli bufast i Oslo, Asker (Akershus) og Kristiansand (Vest-Agder). Haustsymre er heimleg i Kina.

Kommentarar

Haustsymre og fleire nære slektningar vert ofte skilde ut i ei særskild slekt, Eriocapitella Nakai. Eriocapitella er austasiatisk, og dei plantane som er funne i Noreg, er innførde som hageplantar. Artsnamna som vi no bruker i Noreg, er svært usikre. Namnet A. scabiosa er, ifølgje POWO (2022), eit synonym for A. japonica (Thunb.) Siebold & Zucc. (= Eriocapitella japonica (Thunb.) Nakai), medan ‘Flora of China’ (Wencai mfl. 2001) seier at begge namna A. japonica og A. scabiosa gjeld kulturplantar med meir eller mindre fylte blomar. Plantane med enkle blomar, som er dei som er frøforvilla i Noreg, skal heite A. hupehensis (É.Lemoine) É.Lemoine (= Eriocapitella hupehensis (É.Lemoine) Christenh. & Byng). Det er truleg at det mest korrekte namnet for dei norske plantane er A. hupehensis og at planten berre kjem frå Kina.

Forvekslingar

Haustsymre kan likne på kinahaustsymre A. tomentosa, men ho er litt mindre høgvaksen og med mindre blad. Kinahaustsymre har dessutan òg tettare hårklednad på undersida av blada, men hårklednaden fell gjerne av når planten vert gammal, og planten blir då vanskelegare å skilje frå haustsymre.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Plants of the World Online (POWO) (2021). Eriocapitella Nakai. https://powo.science.kew.org/results?q=Eriocapitella Lasta ned 25/5/2022.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad. 197s.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Wencai W, Ziman SN og Dutton BE (2001). Anemone. I: Zheng-Yi, W., Raven, P.H. & Hong, D. (red.) Flora of China 6: 307–328.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Haustsymre Anemone scabiosa H.Lév. & Vaniot www.artsdatabanken.no/Pages/286361. Lasta ned <dag/månad/år>