Skogranke er ein heimleg plante som tilhøyrer det sokalla «huldrelementet», det vil seie plantar som veks skuggerikt, typisk i bekkekløfter, i indre dalstrøk på Østlandet og ofte med lang avstand til neste førekomst utanfor dalføra på Austlandet. Arten veks isolert i Gudbrandsdalen og er elles utbreidd austover frå Aust-Finland til Aust-Sibir.

Skogranke er den einaste arten i rankeslekta Clematis som er heimleg i Noreg.

Kjenneteikn

Skogranke er ein 0,5–4 m lang, veik klengjebusk med motsette, 1–3 gonger kopla blad som er håra på undersida. Småblada er ikkje tilspissa og uregelrett sagtanna eller grunt flika. Blomane er langskafta og sit enkeltvis med fire kvite, spisse og petaloide (kronbladliknande) begerblad som er 3–4 cm lange. Blomane har ei bikrone danna av kronblad som er mindre enn halvparten så lange som begerblada og som er smale ved grunnen. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Småblada er ikkje tilspissa og uregelrett sagtanna (som her) eller grunt flika.

Blomane er langskafta og sit enkeltvis med fire spisse og petaloide (kronbladliknande) begerblad som blir heilt kvite når blomen er heilt utsprungen.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

I Noreg veks skogranke berre i skuggefulle bekkekløfter i nokre få kommunar i Gudbrandsdalen i Oppland. Arten tilhøyrer det sokalla «huldreelementet» i norsk flora.

Skogranke veks mest berre i skuggefulle bekkekløfter i sørboreal til nordboreal sone. Arten er søraustleg og berre funnen i nokre få kommunar i Gudbrandsdalen i Oppland. Han veks opp til ca. 900 moh. i Øyer kommune. Arten er grundig diskutert hos Berg (2013) og også omtala hos Berg (1983a, 1983b). Arten er elles utbreidd i Aust-Europa og Nord-Asia.

Kommentarar

Dei sokalla huldreplantane er knytt til skuggerike, oftast fuktige og uvegsame stader som dei nemnde bekkekløftene. Andre artar med same type førekomstar, er russeburkne Diplazium sibiricum og sudetlok Cystopteris sudetica, som begge er særs sjeldsynte plantar, i Noreg berre funne i Gudbrandsdalen, og med ei isolert norsk utbreiing. Andre, ikkje fullt så sjeldsynte plantar som òg veks i slike bekkekløfter, er til dømes huldregras Cinna latifolia. Den isolerte norske utbreiinga til slike huldreplantar kan anten skyldast langdistansespreiing eller at dei er relikt etter ei tidlegare, større utbreiing i postglasial tid.

Systematisk står skogranke nær den mellomeuropeiske arten alperanke Clematis alpina, og dei to vert ofte rekna som underartar av éin art (då med namnet Clematis alpina). Dei høyrer til underslekta Atragene, karakterisert med bikrone. Slik bikrone manglar hos dei andre, innførte artane av Clematis. Skogranke og alperanke skil seg i fleire karakterar (sjå nedanfor), og mellomformer er ikkje kjende, noko som støtter handsaminga som to skilte artar.

Forvekslingar

Skogranke liknar den innførte og dyrka arten alperanke som han er nært i slekt med (sjå ovanfor), men skogranke har uregelrett sagtanna småblad som ikkje er tilspissa, medan alperanke har tilspissa og regelrett sagtanna småblad. Bikrona hos skogranke har kronblad som er smale ved grunnen, medan alperanke har kronblad som er breie ved grunnen. Begerblada er kvitgule hos skogranke, medan dei er blåfiolette hos alperanke.

Kjelder

Berg RY (1983a). Bekkekløftfloraen i Gudbrandsdal. I. Økologiske elementer. Blyttia 41: 5–14.

Berg RY (1983b). Bekkekløftfloraen i Gudbrandsdal. II. Kløftene. Blyttia 41: 42–56.

Berg RY (2013). Clematis sibirica Mill. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 157–158.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hjelmstad R (1978). Utbredelsen av skogranke (Clematis sibirica) i Norge. Blyttia 36: 171–175.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Skogranke Clematis sibirica (L.) Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/286489. Lasta ned <dag.månad.år>.