Middelhavsranke er ein innført plante som truleg kom inn med ballastjord. Han er berre funnen éin gong i Haugesund i Rogaland i 1903 og kjem opphaveleg frå Middelhavsområdet og Vest-Asia aust til Pakistan.

Kjenneteikn

Middelhavsranke er ein meir eller mindre forveda klengjebusk som vert 3–5 m lang med motsette, to gonger finna blad. Småblada er smalt avlange til om lag runde, heile eller trelappa. Blomane er ca. 2 cm i diameter og duftande, med kvite eller gulaktige, sjeldan raudlege petaloide (kronbladliknande) begerblad. Kronblad manglar; blomane har ikkje ei bikrone. Arten er vindspreidd; griffelen strekkjer seg og vert fjørforma og sit att på frukta.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Middelhavsranke er ein innført art som truleg kom inn med ballastjord. Han er funnen berre éin gong, i Haugesund (Rogaland) i 1903. Arten er heimleg i Middelhavsområdet og Vest-Asia aust til Pakistan, og han er truleg for varmekrevjande til å gjere noko særleg av seg i Noreg.

Forvekslingar

Middelhavsranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Clematis L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea. Volume 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae. 2. utg.: 266–267.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Middelhavsranke Clematis flammula L. www.artsdatabanken.no/Pages/286497. Lasta ned <dag/månad/år>.