Sommarsoleie er ein fleirårig, lågvaksen til middels høgvaksen plante som er komen inn som ugras i og kring Botanisk hage i Oslo og med russisk tømmer til Vest-Agder, Kristiansand. Arten kjem opphaveleg frå Mellom- og Sør-Europa og Svartehavsområdet.

Kjenneteikn

Sommarsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 10–75 cm høg. Stengelen er opprett og greina, med mykje sprikjande, gulaktige hår på stenglar og blad. Jordstengelen er opprett. Grunnblada er djupt delte i tre eller fem svært breie flikar. Nedste støtteblada i blomestanden har opptil tre hovudflikar. Blomeskafta er trinne. Blomane er 2,5–3,2 cm breie, ofte fleire saman i halvskjerm. Kronblada er mørkgule, og begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 4–5 mm lange, glatte og snaue, med 1,8–2 mm lange og sterkt krøkte nebb.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 7. 2n = 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Diploide og andre tal kan byggje på feilidentifisert materiale.

Økologi og utbreiing

Sommarsoleie er berre funnen som ugras i og kring Botanisk hage i Oslo på 1930-talet og som innført med russisk tømmer i Kristiansand (Vest-Agder) i 1998. Arten er heimleg i Mellom- og Sør-Europa, nord til lengst sør i Danmark og til Latvia, og i Svartehavsområdet.

Forvekslingar

Sommarsoleie liknar på bakkesoleie, men har mykje sprikjande, gulaktige hår på stenglar og blad (bakkesoleie har kvite hår), har mørkare gule blomar og større smånøtter som er 4–5 mm lange (mot 2–4 mm hos bakkesoleie) og som har lengre nebb. Sidan sommarsoleie er sjeldsynt samanlikna med bakkesoleie, må desse karakterane sjekkast omhyggjeleg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Sommarsoleie Ranunculus lanuginosus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286613. Lasta ned <dag/månad/år>.