Fjellsoleie er ei lågvaksen heimleg soleie, ein underart av skogsoleie. Denne underarten er oftast snau, med éin eller berre nokre få, nokså store og mørkgule blomar. Det er uklårt om han fortener rang som ein særskild underart, eller om dette berre er snaue fjellformer av dei to andre underartane, kystsoleie og russesoleie.

Kjenneteikn

Fjellsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 5–20 cm høg. Jordstengelen er kort og opprett, og planten veks ikkje i matter. Stengelen er opprett, lite eller ikkje greina og oftast snau opp til stengelblada. Grunnblada er oftast heilt snaue og glinsande. Dei er kantete i omriss og er delte meir enn halvvegs inn, men ikkje heilt til grunnen, i oftast tre (i nord) eller fem (i sør) breie og tjukke, eggforma eller avlange hovudflikar, med butte (i sør) eller spisse (i nord) sideflikar. Den midtre hovudfliken er delt mindre enn halvvegs inn til grunnen. Dei nedste støtteblada i blomestanden er enklare og mindre oppdelte enn grunnblada, oftast i tre hovudflikar. Planten er ofte einbloma, med nokså store (frå 2 til 3,5 cm breie), gule blomar. Kronblada har ikkje brune årer (i alle fall ikkje i sør).

Grunnblada er snaue og glinsande. Dei er delte meir enn halvvegs inn, men ikkje heilt inn, i nord (som her) oftast med tre hovudflikar.

Kromosomtal

Underarten er diploid med grunntal 7. 2n = 14. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale (i sør).

Økologi og utbreiing

Fjellsoleie veks på engsnøleie, i kjelder og bekkekantar i lågalpint til høgalpint høgdebelte. Ho er funne opp til 1870 moh. i Jorunheimen (Lom, Oppland). Underarten er vanleg i fjellet i heile landet og er utbreidd i fjellet i Nordvest-Europa.

Kommentarar

Dei snaue fjellplantane nord til Midt-Troms knyter seg morfologisk til subsp. villosus, medan dei i Nordaust-Troms og Finnmark står nærare subsp. subborealis. Plantane i dei to områda skil seg m.a. i at dei sørlege har blad som oftast er femflika med butte flikar, medan dei nordlege har blad som oftast er treflika med spisse flikar.

Det er meir enn truleg (kanskje sannsynleg) at fjellsoleie ikkje er eit konsistent takson, men heller snaue fjell-modifikasjonar eller rasar av soleiene lågare i terrenget. I sør kan grunnleggjande femflika blad tyde på ei avleiing frå bakkesoleie R. acris, grunnleggjande treflika blad frå skogsoleie R. subborealis, og dei butte bladflikane i sør tyder på avleiing frå kystsoleie subsp. villosus, medan dei spisse flikane i nordaust tyder på avleiing frå russesoleie subsp. subborealis.

Forvekslingar

Fjellsoleie skil seg hovudsakleg frå dei to andre underartane (kystsoleie subsp. villosus og russesoleie subsp. subborealis) i at ho er snau eller om lag snau. Elles er ho særs mangforma og vanskeleg å karakterisere.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R og Murray DF (2008). New combinations in the Panarctic Vascular Plant Flora. Journal of the Botanical Research Institute of Texas 2: 433–446.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Fjellsoleie Ranunculus subborealis subsp. pumilus (Wahlenb.) Elven. www.artsdatabanken.no/Pages/286371. Lasta ned <dag/månad/år>.