Glinsesoleie er ein lågvaksen, heimleg plante i glinsesoleieslekta. Blada er smalt kileforma, og blomen er halvstor og reint kvit. Han er ein av dei mest særprega karplantane i arktisk våtmark sirkumpolart. Arten veks nokre få stader på Svalbard (Spitsbergen) og ikkje på fastlandet.

Kjenneteikn

Glinsesoleie er ei fleirårig, snau urt som vert om lag 5–15 cm høg. Planten har ein krypande (eller flytande), tjukk og kvit jordstengel som set røter ved leddknutane. Blada er smalt kileforma, udelte eller grunt to- til tredelte med framoverretta, linjeforma eller breie, heile flikar der midtfliken er større enn dei andre. Blomen er 1,8–2,5 cm brei og sit på eit langt skaft som kjem frå jordstengelen. Han har 6–10 reint kvite kronblad og tre begerblad. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er snaue og glatte (ikkje rukkete) og har tydeleg svampvev (flytevev) i øvre delen. Dei er berre svakt samantrykt frå sidene og har korte, rette nebb.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Glinsesoleie veks i djup våtmark, ofte i tett mose, i mellomarktisk sone nokre få stader på Spitsbergen frå Sørkapp Land og nord til nordsida av Isfjorden. Arten veks elles spreidd sirkumpolart, men på det europeiske fastlandet berre vest til austre delar av Kolahalvøya.

Kommentarar

Glinsesoleie formeirar seg seksuelt med frø, men har òg lokal klonal vekst med jordstengel og fragmentering. Det er ikkje kjent om arten er utkryssande på Svalbard, men den sterke dufta tyder på insektpollinering og utkryssing. Arten spreier seg truleg både med vatn og fugl, og då både med frø og skottfragment.

Forvekslingar

Glinsesoleie kan verte forveksla med svalbardsoleie C. xspitsbergense; svalbardsoleie er hybriden mellom glinsesoleie og lappsoleie C. lapponicum. Glinsesoleie skil seg frå svalbardsoleie ved ein større, 1,8–2,5 cm brei (versus 1,5–2,0 cm), reint kvit (versus gulkvit) blome og ved at han set mogen frukt i motsetnad til svalbardsoleie. Blada er vidare delte om lag til midten i 2–3 flikar hos glinsesoleie, medan dei er delte til nedanfor midten i 3(5) flikar hos svalbardsoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Glinsesoleie Coptidium pallasii (Schltdl.) Tzvelev www.artsdatabanken.no/Pages/286397. Lasta ned <dag/månad/år>.