Blomane hos blåveis kjem i fleire fargenyansar. Her frå Inderøya i Nord-Trøndelag.

Blåveis er ein heimleg lågvaksen plante som er nokså vanleg i baserik lauv- og barskog i låglandet i store delar av Sør- og Midt-Noreg. Han har karakteristiske mørkgrøne, tjukke og grunt treflika blad som overvintrar, og han blømer tidleg om våren, oftast med blå blomar. Det vitskaplege namnet «Hepatica» syner til kroppsdelen lever og viser til bladforma, som minner om ei menneske-lever. «Nobilis» betyr edel og er sjølvforklarande på ein så kjær plante.

Kjenneteikn

Blåveis er ein fleirårig urt som vert 10–15 cm høg. Alle blada kjem frå jordstengelen og er mørkgrøne og vintergrøne, tjukke og grunt treflika (trelappa). I førstninga er dei dunhåra, sidan vert dei snaue. Under blomen sit det tre silkelodne sveipblad som eit beger. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), 6–12 i talet, og sit i éin krans. Dei er blå eller stundom kvite eller rosa. Pollenknappane er kvite. Blomane er insektpollinerte. Stengelen bøyer seg ned i fruktstadiet, og smånøttene med elaiosom vert spreidde med maur.

Blåveisblada er tjukke og trelappa og dessutan vintergrøne.

Begerblada er kronbladliknande og oftast blå. Pollenknappane er kvite.

Under blomen sit tre silkelodne sveipblad som eit beger. Fruktblada utviklar seg til smånøtter.

Stengelen hos blåveis bøyer seg ned i fruktstadiet fordi smånøttene skal bli spreidde med maur.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 7. 2n = 14. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Blåveis er heimleg i det meste av Sør-Noreg. Arten veks i baserik lauv- og barskog i låglandet i nemoral, boreonemoral og sørboreal sone. Arten er nokså vanleg på Søraustlandet, litt mindre vanleg på Sørvestlandet, men meir vanleg att i Midt-Noreg nord til Grong (Nord-Trøndelag). Einskilde førekomstar finst lenger nord i Nærøy (Nord-Trøndelag) og Bodø (Nordland). Arten er dyrka og forvilla fleire stader, mellom anna på Sørvestlandet, i Nordland og i Troms. Blåveis er funnen så høgt som 860 moh. i Telemark (Seljord). Økologi og utbreiing vert diskutert av Fægri (1996). Blåveis er utbreidd i Europa og Vest-Sibir.

Blåveis veks i næringsrik lauv- og barskog, her på baserik grunn på Gjellebekk i Lier.

Kommentarar

Eit par andre Hepatica-artar vert dyrka og kan verte funnen forvilla: ungarsk blåveis H. transsilvanica Fuss frå Romania, med flika bladlappar og større blomar (ca. 5 cm i diameter), er funnen forvilla i Danmark og Sverige nord til Stockholmsområdet, og H. americana (DC) Ker.-Gawl. (som liknar mykje på vår blåveis) og amerikansk blåsveis H. acutiloba (DC.) G.Lawson med spisse bladlappar, begge frå austlege Nord-Amerika.

Ifølgje signaturlæra («likt lækjer likt») gav utsjånaden til ein plante teikn på kva han kunne nyttast til medisinsk. Soleis har blåveisa med sine leverforma blad i folkemedisinen vorte nytta til handsaming av mellom anna leverplager.

Som for kvitsymre, trudde ein at det å ete dei første blåveisblomane skulle ha ein magisk effekt ved mellom anna å beskytte mot ormebit.

Forvekslingar

Blåveis har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1996). Hepatica nobilis. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 59–61 + pl. 20.

Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag. 422 s.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Mossberg B og Stenberg L (2018). Nordens flora. Bonnier Fakta, Stockholm. 976 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Blåveis Hepatica nobilis Schreb. www.artsdatabanken.no/Pages/286363. Lasta ned <dag/månad/år>.