Akeleie-artane er lett kjennelege på den særprega blomen med kronbladliknande begerblad og røyrforma kronblad som oftast har ein lang nektarspore. Dei er forvilla hageplantar; akeleie er ein velkjend prydplante som har vore forvilla i Noreg i fleire hundre år. Nyleg har slektningen gullakeleie òg funne vegen til norsk natur.

Akeleie, ein innført art, er den vanlegaste arten i slekta i Noreg.

Artane i slekta har ein særprega blome med kronbladliknande begerblad og røyrforma kronblad med, ein oftast lang, spore.

På verdsbasis inneheld slekta Aquilegia om lag 70 artar, og dei veks i tempererte område på den nordlege halvkula. Alle artane er fleirårige urter med opprette stenglar. Slekta omfattar fleirårige, om lag snaue urter. Blada er ein til tre gonger trekopla med lang bladstilk. Blomane sit oftast i ein kvastforma blomestand, men kan stundom vere einslege. Blomane er radiærsymmetriske, blå, kvite, raudfiolette eller gule. Blomen har fem kronbladliknande, sokalla petaloide, begerblad, og fem røyrforma kronblad med ei lita plate og ein lang nektarspore, som anten er tynn og lite krøkt (gullakeleie A. chrysantha) eller tjukk og sterkt krøkt (akeleie A. vulgaris).

Der akeleie er heimleg kan artane vere vanskelege å avgrense, og noko av denne variasjonen skuldast etter sigande introgresjon. Frå Nord-Amerika er det kjent fleire slike tilfelle med naturleg hybridisering og introgresjon; interfertilitet inntreff òg mellom fjernt beslekta artar i slekta. Mange artar i slekta vert dyrka som prydplantar. Begge artane i Noreg er framande; akeleie er innført og forvilla for lenge sidan, kanskje allereie i klostertida, medan gullakeleie berre er funnen éin gong nyleg som forvilla.

Kjelder

Dezhi F og Robinson OR (2001). Aquilegia Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 278–281.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Aquilegia L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 311–312.

Whittemore AT (1997). Aquilegia Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 249–258.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Akeleieslekta Aquilegia L. www.artsdatabanken.no/Pages/315282. Lasta ned <dag/månad/år>.