Stor kubjølle er ein framand art i Noreg. Her er arten avbilda på Öland i Sverige kor han er heimleg.

Stor kubjølle er innført og dyrka som prydplante og er funnen forvilla nokre få stader i seinare tid. Arten er heimleg i Europa nord til sørlege Skandinavia.

Kjenneteikn

Stor kubjølle er ei 5–25 cm høg fleirårig urt med lodne blad og stenglar. Bladrosetten overvintrar ikkje. Dei tre kransstilte stengelblada er smalflika og sit oppunder ein stor, skålforma og opprett, raudfiolett blome. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), oftast seks i talet, langhåra med kvite silkehår utvendes og ikkje eller berre lite utbøygde i toppen. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg godt over stengelblada og planten kan bli opptil 40 cm. Fruktene er vindspreidde; griflane er lange og dunhåra og vert sitjande att på smånøttene.

Dei tre kransstilte stengelblada er smalflika og sit oppunder blomen.

Stengelen strekkjer seg i fruktstadiet. Griflane er lange og dunhåra og vert sitjande att på dei vindspreidde smånøttene.

Den raudfiolette blomen er stor, skålforma og opprett. Dei kronbladliknande begerblada er ikkje eller berre lite utbøygde i toppen.

Kromosomtal

Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stor kubjølle er funnen forvilla frå 1991 nokre einskilde stader i Østfold, Hedmark, Buskerud, Vestfold, Telemark og Rogaland og er førebels ikkje bufast. Eit isolert funn i Nordland (Saltdal) skuldast utsåing. Stor kubjølle er heimleg i store delar av Europa.

Kommentarar

Stor kubjølle har vore nytta medisinsk sidan oldtidas Hellas på om lag same måten som kubjølle.

Forvekslingar

Stor kubjølle liknar på vår heimlege kubjølle, men skil seg frå ho i at stor kubjølle har opprette opne blomar, ikkje hengjande og klokkeforma blomar. Blomane er dessutan meir raudfiolette hos stor kubjølle.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag AS. 422 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Stor kubjølle Pulsatilla vulgaris Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/286488. Lasta ned <dag/månad/år>.