Lappsoleie er ein lågvaksen, heimleg plante i glinsesoleieslekta. Arten er sjeldsynt i nordaustlege delar av fastlands-Noreg, noko meir hyppig på Svalbard.

Kjenneteikn

Lappsoleie er ei fleirårig, snau urt som vert om lag 5–15 cm høg. Planten har ein krypande, tjukk og kvit jordstengel som set røter ved leddknutane. Blada er nyreforma eller runde i omriss, tredelte med breie og grunt tanna flikar. Blomen er 1–1,5 cm brei og sit på eit langt skaft frå bladhjørne på jordstengelen. Han har 5–6 bleikgule kronblad og tre nedbøygde begerblad. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte (ikkje rukkete), samantrykte frå sidene og har tydeleg svampvev (flytevev) i øvre delen. Dei har eit langt og tydeleg (1,0–1,2 mm), bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lappsoleie veks på våt, mosegrodd mark, i sumpskog, kjelder, på myr og i våt tundra. På fastlandet går arten hovudsakleg i nordboreal sone, på Svalbard i mellomarktisk og dels inn i nordarktisk sone. Arten er nordaustleg og sjeldsynt i Kautokeino, Karasjok og Sør-Varanger i Finnmark, kanskje òg i Nordreisa i Troms. Økologi og utbreiing i fastlands-Noreg vert diskutert hos Elven og Alm (2013). På Svalbard veks han spreidde stader i sentrale strøk på Spitsbergen og Edgeøya. Arten er vidt utbreidd i sirkumboreale og -polare område.

Lappsoleie formeirar seg seksuelt med frø og har òg effektiv klonal vekst. Blomane duftar sterkt og er tilpassa insektpollinering. Flytevevet sørgjer for spreiing med vatn, men nøttene spreier seg òg med fugl. Skottfragment kan dessutan truleg bli spreidde både med vatn og fugl.

Lappsoleie (berre med blad) i blanding med molte og tyttebær på ei myr i Pasvikdalen i Sør-Varanger.

Kommentarar

Lappsoleie har i røynda ingen forvekslingsartar. Ho er heilt ulik dei to andre artane i slekta i bladform, blomestorleik og i blomefarge (meir gul). Planten liknar meir på artar i slekta Ranunculus, men skil seg i bleikgul blomefarge, den tjukke, krypande jordstengelen, blomar på lange skaft rett frå jordstengelen, og smånøtter med flytevev.

Svalbardsoleie C. ×spitsbergense er hybriden mellom lappsoleie og glinsesoleie C. pallasii.

Forvekslingar

Lappsoleie er heilt ulik dei to andre artane i slekta i bladform, blomestorleik og i blomefarge (meir gul). Planten liknar meir på artar i slekta Ranunculus, men skil seg i bleikgul blomefarge, den tjukke, krypande jordstengelen, blomar på lange skaft rett frå jordstengelen, og smånøtter med flytevev.

Kjelder

Elven R og Alm T (2013). Coptidium lapponicum (L.) Rydb. I: Elven R, Fremstad E og Pedersen O (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 161–162.

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Lappsoleie Coptidium lapponicum (L.) Tzvelev www.artsdatabanken.no/Pages/286395. Lasta ned <dag/månad/år>.