Storhjelm er ein storvaksen, innført prydplante. Arten kjem opphaveleg frå Vest- og Mellom-Europa. Han er ikkje særs vanleg som forvilla, men er funnen som attståande og stundom som frøforvilla spreidde stader i kyst- og dalstrøk med tyngdepunkt nordpå, nordlegast i Børselv i Porsanger (Finnmark), der han vart funnen med stor bestand i 2021.

Kjenneteikn

Storhjelm er ei 0,8–1,2 m høg, fleirårig urt med tiltrykte dunhår på midtaksen i blomestanden og blomeskaftet. Blada er store og findelte om lag til grunnen. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og mørkblå med fem ulikt store, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp. Hjelmen er dunhåra og breiare enn høg. Blomen har òg 2–10 kronblad, og det bakre paret er nektarium som går opp i hjelmen, medan dei andre er smale og små eller manglar. Arten har oftast tre fruktblad som vert til godt utvikla skolmkapslar med vengjekanta, slette eller ujamne frø.

Storhjelm har tiltrykte dunhår på midtaksen i blomestanden og på blomeskaft.

Blada hos storhjelm er store og findelte om lag til grunnen.

Blomane er store, monosymmetriske og mørkblå og sit i ein lang klase.

Kromosomtal

Arten er truleg berre tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Det er mange rapportar om di- og triploide tal (2n = 16, 24), men vi trur at dei diploide teljingane gjeld arten A. variegatum L., som er godt dokumentert som diploid, og at dei triploide teljingane gjeld A. ×cammarum L., hybriden mellom diploid A. variegatum og tetraploid A. napellus.

Økologi og utbreiing

Storhjelm er innført som prydplante, truleg frå 1600-talet eller tidlegare, og er bufast. Han står att frå hagar eller er stundom frøforvilla i eng- og skogkantar og på skrotemark i nemoral til nordboreal sone. Arten er ikkje vanleg, men er funnen spreidde stader i kyst- og dalstrøk frå Oslo og Hjartdal (Telemark) nord til Porsanger (Finnmark). Han er mest hyppig i Nord-Noreg. Storhjelm er heimleg i Vest- og Mellom-Europa.

Storhjelm er innført som prydplanta og frøforvillar seg stundom eller er, som her på Røros, attståande frå dyrking.

Kommentarar

Storhjelm skal vere svært giftig. Spesielt er det rota som inneheld alkaloidet akonitin, ei sterk nervegift. Særs avhengig av mengde har planten vore nytta dels medisinsk som smertestillande og dels for å drepe, mellom anna som pil- og spydgift. I Kina var etter sigande ein annan Aconitum-art, A. dissectum D.Don ein favoritt for familiedrap når kinesiske keisarar skulle rydde unna brysame slektningar.

Det finst ikkje konkrete bevis på at arten blei dyrka som klosterplante i Noreg, men namn som «munkehætte» og «monkshood» som skal vere nytta om planta (men som òg er nytta om slekta), tyder på ei tilknyting til klosterhagar. Hartvig (2015) angjev arten som dyrka i Danmark i mellomalderen. Åsen (2015) nemner fleire indikasjonar på at planten kan ha ei historie òg i Noreg attende til mellomalderen.

Arten A. napellus er svært formrik. I Flora Europaea (Tutin mfl. 1993) vart ni underartar aksepterte, og nokre til har vorte publiserte sidan. Kvar av dei veks i noko avgrensa område i åstrakter frå Pyrenearhalvøya gjennom Mellom-Europa og Balkan og aust til ein isolert delpopulasjon i Midt-Russland. Alle dei forvilla plantane i Norden har vore førde til subsp. lusitanicum Rouy, som er nokså vidt utbreidd i Vest- og Mellom-Europa.

Forvekslingar

Storhjelm kan verte forveksla med hybridarten prakthjelm som han er ein av foreldreartane til. Blomestandakse, blomeskaft og hjelm er dunhåra hos storhjelm, men snau eller berre med få, spreidde hår hos prakthjelm. Frøsetjinga er òg god hos storhjelm og oftast dårleg hos prakthjelm.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hartvig P (2015). Atlas flora danica. 1–3. Gyldendal, København. 1230 s.

Karlsson T (2001). Aconitum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 321–324.Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Tutin TG, Akeroyd JR og Chater AO (1993). Aconitum L. I: Tutin TG mfl. (red.), Flora europaea 1, ed. 2: 254–256.

Åsen PA (2015). Norske klosterplanter. Levende kulturminner fra middelalderen. Portal forlag, Kristiansand. 332 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Storhjelm Aconitum napellus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286521. Lasta ned <dag/månad/år>.