Forvilla, eller kanskje attståande, prakthjelm frå Nærøy i Nord-Trøndelag.

Prakthjelm er ein høgvaksen plante som er innført og dyrka som prydplante, kanskje allereie i mellomalderen. Han er svært vanleg som dyrka og står ofte att frå hagar og på utkasta jord.

Kjenneteikn

Prakthjelm er ei 0,8–1,2 m høg, fleirårig urt med snau midtakse i blomestanden og snautt blomeskaft. Blomefestet er håra. Blada er store og findelte om lag til grunnen med smale flikar. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og mørkblå eller lysblå, ofte spraglete i blått og kvitt, med fem ulikt store, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp. Hjelmen er snau og om lag like høg som brei, og han smalnar brått mot spissen. Blomen har òg 2–10 kronblad, og det bakre paret er nektarium som går opp i hjelmen, medan dei andre er smale og små eller manglar. Arten er oftast pollen- og frøsteril, og dei oftast tre fruktblada vert til dårleg utvikla skolmkapslar som stundom set nokre frø.

Blomane er store, monosymmetriske og ofte spraglete i blått og kvitt.

Blomane, her mørkblå, sit i ein lang klase. Hjelmen er snau, om lag like høg som brei og smalnar brått mot spissen.

Kromosomtal

Arten er truleg triploid med grunntal x = 8. 2n = 24. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Teljingar av diploide (2n =16) og tetraploide (2n = 32) tal gjeld truleg foreldreartane.

Økologi og utbreiing

Prakthjelm er innført som prydplante og står ofte att frå hagar og på utkasta jord i nemoral til nordboreal sone, dels òg i subarktisk sone. Arten er hyppig til spreidd på Austlandet nord til Trøndelagsgrensa og i kyst- og dalstrøk til Finnmark (Sør-Varanger, Vadsø og Båtsfjord). Prakthjelm er oppstått i Vest- og Sørvest-Europa som ein hybrid og er spreidd som hybridart i kultur.

Kommentarar

Prakthjelm er hybriden mellom storhjelm A. napellus L. og A. variegatum L. (utan norsk namn). Det er òg funne plantar som forsøksvis har vore identifiserte som A. variegatum i Noreg, men dei er enno ikkje bekrefta. Manglande frøsetjing har ikkje hindra denne planten i å spreie seg i norsk natur. Han har vore og er ein svært populær prydplante, særleg i kyststrøk, i fjelldalane og nordpå der det ikkje er så mange andre vellukka prydplantar. Han har vorte bytta mellom folk i lang tid. Hybridarten er mykje vanlegare, både i kultur og som forvilla, enn storhjelm, som er den eine foreldrearten, og som han truleg stundom har vore forveksla med.

Forvekslingar

Hybridarten prakthjelm kan verte forveksla med storhjelm som er ein av foreldreartane. Blomestandakse, blomeskaft og hjelm er snaue eller berre med få, spreidde hår hos prakthjelm, medan dei er dunhåra hos storhjelm. Frøsetjinga er òg oftast dårleg hos prakthjelm og god hos storhjelm.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Aconitum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 321–324.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Prakthjelm Aconitum ×cammarum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286522. Lasta ned <dag/månad/år>.