Yunnanballblom er innført som prydplante, men berre kjent som forvilla éin stad i landet, i Tromsø i 1996. Arten kjem opphaveleg frå Sørvest-Kina.

Kjenneteikn

Yunnanballblom er ei 20–80 cm høg, fleirårig urt med rak og snau, ugreina eller fågreina stengel. Blada er snaue, blanke og djupt handflika. Blomane sit enkeltvis eller to til tre saman og er oftast 4–5,5 cm breie og opent bolleforma med fem til sju breie, guloransje, petaloide (kronbladliknande) begerblad som dekkjer kvarandre. Innanfor desse sit mange små, smale kronblad (nektarium) som er kortare enn pollenberarane. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Yunnanballblom er innført og vert stundom dyrka som hagestaude. Han er funnen forvilla berre éin gong, i Tromsø (Troms) i 1996, i ei klynge i ein skogkant. Arten er heimleg i Sørvest-Kina.

Forvekslingar

Yunnanballblom har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Liangqian L og Tamura M (2001). Trollius Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 137–142.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Yunnanballblom Trollius yunnanensis (Franch.) Ulbr. www.artsdatabanken.no/Pages/286508. Lasta ned <dag/månad/år>.