Kamsoleie er ein eittårig, liten plante som truleg er innført med ballastjord og funnen éin gong i Oslo i 1882 på ei jernbanetomt i Østbaneområdet. Arten er heimleg i Middelhavsområdet, Aust-Afrika og Vest-Asia.

Kjenneteikn

Kamsoleie er ei eittårig, grisse håra til snau urt som vert opptil 50 cm høg. Blada er grovt tanna og ofte grunt delte i tre (sjeldan fem) flikar. Blomeskafta er riflete. Blomen er 0,8–2 cm brei. Kronblada er gule, og litt lengre enn dei nedbøygde begerblada. Fruktfestet er håra. Smånøttene er 7–8 mm lange, har lange, krokete piggar, er snaue og har eit 2–3 mm langt, nesten rett nebb.

Kromosomtal

Arten er varierande polyploid (tetraploid til oktoploid) med grunntal x = 8. 2n = 32, 42, 48, 64. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kamsoleie er ein innført art som er funnen berre éin gong på Østbaneområdet i Oslo i 1882, etter oppfylling med ballastjord då jernbaneområdet vart utvida. Arten er heimleg i Middelhavsområdet, Aust-Afrika og Vest-Asia.

Forvekslingar

Kamsoleie har ingen opplagde forvekslingsartar, kanskje med unntak av ballastsoleie R. sardous; båe er eittårige og har nedbøygde begerblad. Kamsoleie har piggete smånøtter, medan ballastsoleie har smånøtter som kan ha butte vorter.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Ranunculus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea. Volume 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae. 2. utg.: 269–285.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kamsoleie Ranunculus muricatus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286614. Lasta ned <dag/månad/år>.