Akeleiefrøstjerne er ein stor og grov plante som er innført som prydplante. Han er truleg den mest spektakulære av frøstjerne-artane. Han er forvilla, bufast og stundom naturalisert i rik lauvskog og finst spreidd i låglandet nord til Troms.

Den storvaksne akeleiefrøstjerna avbilda på Bromstad i Trondheim, Sør-Trøndelag.

Kjenneteikn

Akeleiefrøstjerne er ei 50–150 cm høg, grov og fleirårig og om lag snau urt. Blada er tre gonger finna, med øyreblad ved grunnen av bladskaftet og hinner som liknar øyreblad ved grunnen av skafta til hovudfinnane. Blomane er samla i ein stor blomestand med små og firetalige blomar utan kronblad, men med fiolette, 3–5 mm lange begerblad som fell tidleg av, og med talrike pollenberarar i store, tette duskar i kvar blome. Pollentrådane er oftast bleikfiolette og er klubbeforma ut mot pollenknappen. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små og grøne med fire vengjeforma ribber.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Akeleiefrøstjerne er innført som prydplante og forvilla og stundom naturalisert i rik lauvskog, skogkantar og elles på skrotemark. Ho er knytt til nemoral til sørboreal sone, dels òg mellomboreal sone. Arten er funnen spreidde stader i låglandet på Austlandet og i kyststrøk til Kåfjord og Nordreisa (troms). Han er heimleg i Europa og Vest-Sibir.

Forvekslingar

Akeleiefrøstjerne liknar vengjefrøstjerne T. delavayi, men skil seg frå ho i å ha mindre blomar, dvs. 1 cm breie mot 1–1,5 cm breie, ved at pollenberarane er klubbeforma ut mot pollenknappen (og ikkje jamsmale), og ved å ha breitt vengjekanta mot smalt vengjekanta frukter. Hos akeleiefrøstjerne er det dessutan pollenberarane som er mest iaugefallande, medan det er begerblada som er mest synlege hos vengjefrøstjerne.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Akeleiefrøstjerne Thalictrum aquilegiifolium L. www.artsdatabanken.no/Pages/286518. Lasta ned <dag/månad/år>.