Ormedrueslekta er ei nord-amerikansk og eurasiatisk slekt med om lag 20 artar totalt. Slekta står nære trollbærslekta Actaea og vert stundom inkludert i ho. I Noreg er berre éin framand art påvist, klaseormedrue, truleg som attståande etter dyrking.

Ormedrueslekta er ei nord-amerikansk og eurasiatisk slekt med om lag 20 artar totalt. Berre éin av desse er heimleg i Europa: den austeuropeiske arten C. europaea Schipcz. som går nord til Polen og Belarus. Den einaste arten som er påvist i Noreg er klaseormedrue, C. racemosa, frå austlege Nord-Amerika. Arten vert stundom dyrka som prydplante og er berre funnen éin gong i Asker (Akershus), truleg som attståande etter dyrking som trekkplante for bier.

Slekta står nære Actaea og vert stundom inkludert i ho, til dømes av ‘Plants of the World Online’. I ein noko tidleg fylogenetisk analyse (Compton mfl. 1998) kjem storparten av dei undersøkte artane ut som éi gruppe, men omslutta av Actaea. Det einaste unnataket er den arten som er funnen i Noreg, den nordamerikanske C. racemosa, som kjem ut saman med Actaea-artane. Dersom Cimicifuga racemosa vert overført til Actaea, vert Actaea ei monofyletisk gruppe jamsides med Cimicifuga. Slektsnamnet for den samla slekta er Actaea, av di dette slektsnamnet har prioritet framom Cimicifuga. Slekta skil seg morfologisk frå Actaea i at blomane sit i ein lang, smal klase og at frukta vert til ein eller fleire tørre skolmkapslar. Både ‘Flora of North America‘ og ‘Flora of China‘ held slekta som separat frå Actaea.

Artane i slekta er fleirårige urter med krypande jordstenglar. Plantane er gjerne forgreina og har blad som er ein til tre gonger trekopla. Blomestanden er endestilt og oftast smalt klaseforma (typisk hos amerikanske artar) eller aksforma toppar (typisk hos eurasiatiske artar). Blomestanden har mange små, radiærsymmetriske blomar. Desse er oftast tokjønna (sjeldan einkjønna og då er planten særbu). Frukttypen hos slekta er tørre skolmkapslar, oftast sit fleire saman.

Klaseormedrue, førebels den einaste registrerte arten i denne slekta i Noreg.

Blomane hos artar i slekta sit i ein lang, smal klase, og frukta vert til ein skolmkapsel.

Kjelder

Compton JA, Culham A og Jury SL (1998). Reclassification of Actaea to include Cimicifuga and Souliea (Ranunculaceae): phylogeny inferred from morphology, nrDNA ITS, and cpDNA trnL-F sequence variation. Taxon 47: 593–634.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Liangqian L og Brach AR (2001). Cimicifuga Wernischeck. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 144–147.

Plants of the World Online (POWO) (2022). Actaea L. https://powo.science.kew.org/results?q=Actaea Lasta ned 27/3/2022.

Ramsey GW (1997). Cimicifuga Wernischeck. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 177–181.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Ormedrueslekta Cimicifuga L. ex Wernisch. www.artsdatabanken.no/Pages/324734. Lasta ned <dag/månad/år>.