Polarnyresoleie tilhøyrer nyresoleie-gruppa, ei stor gruppe heimlege plantar med ukjønna frøformeiring som gjev opphav til ei rekkje sokalla småartar. Denne småarten er mogleg å skilje frå dei andre og vert difor handsama som ein særskild art. Polarnyresoleie er berre kjend frå éin stad på Kapp Thordsen på Svalbard og er ei lågvaksen, småblada soleie med éin eller nokre få, gule blomar på kvar stengel.

Kjenneteikn

Polarnyresoleie er ei fleirårig og lågvaksen urt i nyresoleie-gruppa, berre 5–8 cm høg. Planten er snau som dei andre nyresoleiene og har stengel utan skjel ved grunnen, men har ofte fibrar frå gamle bladskaft. Grunnblada er runde i omriss, glinsande og uregelrett handflika. Midtfliken er smal og oftast med tre tenner, medan sideflikane er mykje breiare og delte på ny i 3–5 flikar. Støtteblada i blomestanden er handdelte i meir enn fem smalt linjeforma flikar. Blomeskafta er trinne. Blomane er gule, sit enkeltvis eller 2–3 saman i ei tett samling og er ca. 2 cm breie. Kronblada er sjeldan eller ikkje reduserte hos denne småarten. Kronblada er ikkje bølgjete (viktig skilnad mot R. arcticus). Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte og håra, med sterkt krøkt nebb.

Kromosomtal

Arten er tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er gjorde på materiale frå Svalbard!

Økologi og utbreiing

Polarnyresoleie veks i moserik tundra med vass-sig i mellomarktisk sone. Småarten er berre funnen på éin lokalitet på Kapp Thordsen ved Isfjorden på Svalbard.

Forvekslingar

Polarnyresoleie er snarlik fliksoleie som òg veks på Svalbard. Polarnyresoleie har grisse håra beger, medan fliksoleie har beger som er tett gråhåra. Blomeskaftet hos polarnyresoleie strekkjer seg lite, medan det strekkjer seg sterkt i fruktstadiet hos fliksoleie. Stengelblada er delte i 5–8 flikar hos polarnyresoleie og i 4–6 flikar hos fliksoleie. Kronblada er jamne i kanten hos polarnyresoleie, medan dei er bølgjete i kanten hos fliksoleie (einaste soleie i Noreg som har slike). Til sist har smånøttene hos polarnyresoleie jamt bøygde nebb medan dei er skarpt nedbøygde hos fliksoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Polarnyresoleie Ranunculus wilanderi (Nath.) Á.Löve & D.Löve www.artsdatabanken.no/Pages/286375. Lasta ned <dag/månad/år>.