Krypsoleie krypande langs ein vegg i Nordfjord, Sogn og Fjordane.

Krypsoleie er ein låg til middels høgvaksen plante som er vanleg over heile landet opp til snaufjellet. Han veks som heimleg både i skog og sump. Han er òg særs vanleg på fuktig kulturmark, her kanskje med utgangspunkt i tidleg innførsel med jordbruk. Røtene er fulle av stivelse og difor næringsrike, og dei har vore nytta til fôr. I motsetnad til om lag alle andre soleier, er ikkje krypsoleie giftig for dyr på beite.

Kjenneteikn

Krypsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 15–40 cm høg. Planten har ein krypande overjordsstengel (renningar) som set røter ved bladfesta. Han er mørkgrøn og håra eller om lag snau. Blada har kantete omriss og er tydeleg trekopla, med skafta småblad. Det midtre småbladet er karakteristisk langskafta. Blomeskafta er riflete. Blomen er nokså stor (frå 2 til 3,5 cm brei), og sit på skaft med reduserte blad rett frå dei krypande stenglane. Kronblada er gule. Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er glatte, snaue og med kort og litt bøygd nebb.

Krypsoleie har ein krypande overjordsstengel som set røter ved bladfesta.

Blada er tydeleg trekopla, og det midtre småbladet har langt skaft.

Kromosomtal

Arten er diploid eller oftare tetraploid med grunntal (7) 8. 2n = (14, 28), 16, 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Krypsoleie veks som opplagt heimleg i næringsrik skog, sumpskog, i sump og på vasskantar og tangvoll. Arten er òg svært vanleg på fuktig eng, og som ugras på vegkantar og skrotemark. Han er vanleg i heile landet frå nemoral til subarktisk sone opp til snaufjellet i lågalpint høgdebelte. Han er funnen til 1230 moh. på Hardangervidda (Eidfjord, Hordaland). På Svalbard veks han som eit om lag bufast ugras i mellomarktisk sone i Barentsburg. Arten er utbreidd i Europa og Nord- og Sentral-Asia.

Arten er vanleg som ugras på fuktig eng, og veks elles mellom anna i næringsrik skog og i sump. Her i ei eng på Sjøvollsetra på Røros i Sør-Trøndelag.

Kommentarar

Krypsoleie er ein formrik art, men variasjonen er ikkje greidd ut. Ei rekkje formar og varietetar er beskrivne, men variasjonen vert av somme sett på som kontinuerleg, slik at det ikkje er grunnlag for å namngje særskilte taksa. Lampinen (2001) meiner at det finst økotypar i Norden som skil seg noko morfologisk og i habitatkrav, men at det er naudsynt med parallelle transplantasjonseksperiment for å finne meir ut av dette. Plantane på kulturmark er ofte mykje håra og har breie bladflikar, medan plantane i sump og sumpskog ofte er om lag snaue og har smale bladflikar. Det er mogleg at desse siste samsvarar med ein rase som er navngjeven som var. tenuis Pohle ex Tolm., sumpkrypsoleie.

Forvekslingar

Krypsoleie har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.

Lampinen R (2001). Ranunculus repens L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 290–291.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Krypsoleie Ranunculus repens L. www.artsdatabanken.no/Pages/286365. Lasta ned <dag/månad/år>.