Muserumpe er ein heimleg, liten, eittårig og usjåleg plante som ofte veks på noko open kulturmark og på grunnlende. Dei bladlause stenglane har ein kvit til gulgrøn blome. Når smånøttene mognar, strekkjer blomebotnen seg til ein lang tapp som med mykje godvilje kan minne om ei muserumpe.

Kjenneteikn

Muserumpe er ei 3–10 cm høg, eittårig og gulgrøn urt. Blada er linjeforma, og alle er samla i ein rosett. Dei bladlause stenglane har éin blome med oftast fem gulgrøne eller kvite begerblad med sporar som ligg inntil blomeskaftet, og fem røyrforma kronblad (nektarium). Blomebotnen strekkjer seg til ein lang tapp som dei talrike smånøttene sit på.

Stenglane er bladlause med éin blome med fem begerblad som er gulgrøne på undersida og oftast kvite på oversida.

Blomebotnen strekkjer seg til ein lang tapp med talrike smånøtter.

Alle blad hos muserumpe er linjeforma og samla i ein rosett.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er utførte mellom anna på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Muserumpe er hovudsakleg knytt til tradisjonelt skjøtta jordbrukslandskap, spesielt tørrbakkar som vert beita og grunne jorddekte svaberg på åkerholmar. Arten har ei søraustleg utbreiing i nemoral til boreonemoral (og dels sørboreal til nordboreal) sone, er spreidd til sjeldsynt på Austlandet og med einskilde førekomstar i Telemark, Vest-Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane. Arten har nokre tilfeldige funn i Sør- og Nord-Trøndelag. Han er funnen til ca. 1000 moh. i Vang i Oppland. Økologi og utbreiing vert diskutert hos Fægri (1996). Muserumpe er utbreidd i Europa, Nord-Afrika, Vest-Asia og Nord-Amerika.

Forvekslingar

Muserumpe har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1996). Myosurus minimus. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 77 + pl. 27.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Muserumpe Myosurus minimus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286485. Lasta ned <dag/månad/år>.