Gulfrøstjerne er ein nokså høgvaksen, heimleg plante som veks på fuktige stader spreidd over det meste av landet. Arten har tidlegare vore nytta til farging av ullgarn.

Kjenneteikn

Gulfrøstjerne er ei 50–100 cm høg, fleirårig og om lag snau urt. Stengel og blad er utan kjertlar. Blada har små øyreblad som fell av tidleg, men ofte blir det sitjande att restar. Blada er grasgrøne, avlange og tre gonger finna med trelappa småblad utan høge og tydelege nervar på undersida. Blomane er opprette, små og firetalige, utan kronblad, med gulkvite begerblad som tidleg fell av og med talrike opprette pollenberarar i tett dusk i kvar blome. Pollentrådane er granne, gulkvite og meir enn 10 mm lange. Pollenknappane er gule. Blomane er vindpollinerte. Smånøttene er små, grøne og med arr som er om lang jamlangt med nebbet.

Gulfrøstjerne, ein heimleg art som er nokså vanleg på Austlandet, meir spreidd på Vestlandet og vanlegare frå Sunnmøre og eit godt stykke nordover.

Blomane er opprette med gulkvite begerblad og talrike pollenberarar.

Kromosomtal

Arten er høgpolyploid (dodekaploid) med grunntal x = 7. 2n = 84. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Gulfrøstjerne veks i sump og sumpskog, i fuktige kratt og grasmark, på indre delar av strandenger, både ved ferskvatn og sjøen, og på tangvoll. Arten høyrer heime i nemoral til mellomboreal sone, og går dels inn i nordboreal sone. Han er nokså vanleg på Austlandet frå Halden og Hvaler (Østfold) og Kristiansand (Vest-Agder) inn til Stor-Elvdal (Hedmark) og Sel (Oppland), veks spreidde stader på Vestlandet nord til Sogn og Fjordane og er meir vanleg vidare frå Sunnmøre til Tromsø og Balsfjord (Troms), med meir isolerte førekomstar i Alta og kanskje Kvalsund (Finnmark). Gulfrøstjerne er elles utbreidd i Europa og Vest-Asia.

Forvekslingar

Gulfrøstjerne kan verte forveksla med hagefrøstjerne T. speciosissimum og rankfrøstjerne T. simplex. Gulfrøstjerne er ei grøn plante medan hagefrøstjerne er blågrøn. Blada hos gulfrøstjerne har elles lite heva nervar på undersida, medan hagefrøstjerne har tydeleg heva nervar på undersida. Gulfrøstjerne skil seg frå rankfrøstjerne i å ha (eins med hagefrøstjerne) opprette blomar med opprette pollenknappar med meir enn 10 mm lange pollentrådar, medan rankfrøstjerne har lutande blomar med hengjande pollenknappar med ca. 5 mm lange pollentrådar. Dersom ein berre har blad, kan det vere svært vanskeleg å skilje mellom gulfrøstjerne og rankfrøstjerne. Gulfrøstjerne har ikkje spreidde kjertlar på stengel, bladskaft og bladplante, medan rankfrøstjerne har det, men desse kjertlane kan vere vanskelege å sjå. Gulfrøstjerne har nokre små øyreblad som fell av tidleg, men der det ofte sit att restar, medan rankfrøstjerne heilt manglar øyreblad.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Thalictrum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 312–321.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna Förlag. 592 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Gulfrøstjerne Thalictrum flavum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286516. Lasta ned <dag/månad/år>.