I Noreg veks éin art frå den vesle vårkålslekta, nemleg den heimlege arten vårkål. Den blømer nokså tidleg på våren og vert stundom forveksla med soleihov som òg er tidleg ute med sine klårt gule blomar. Dei er nokså lette å skilje; vårkål er særprega med sine tre begerblad og mange, smale kronblad.

Vårkål, den einaste arten i denne slekta i Noreg. Frå Trondheim i Sør-Trøndelag.

På verdsbasis inneheld slekta ei knapp handfull artar, og dei er heimlege i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia aust til Iran. Artane er fleirårige urter med knollforma røter. Blada er i hovudsak grunnstilte og enkle. Blomane sit anten einskilde på stengelen eller i fåbloma kvastar. Blomedekket består av tre begerblad og 7–12 gule, smale kronblad. Vår vårkål-art er introdusert i Nord-Amerika og er der i spreiing.

Vårkålslekta Ficaria omfattar i Noreg berre éin heimleg art (med to underartar): vårkål F. verna. Stundom har arten vorte rekna som ein Ranunculus, som R. ficaria, men er no oftast skild ut i ei eiga slekt på grunn av både morfologiske og molekylære karakterar.

Blomane hos artar i vårkålslekta har mange, gule og smale kronblad og tre grøne begerblad.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Lægaard S (2001). Ranunculus ficaria L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 234–235.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Whittemore AT (1997). Ranunculus Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 88–135.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Vårkålslekta Ficaria Haller. www.artsdatabanken.no/Pages/315278. Lasta ned <dag/månad/år>.