Kinariddarspore er ein fleirårig, innført hageplante. Han er funnen forvilla éin gong i Noreg, i Hamar i Hedmark i 1892.

Kjenneteikn

Kinariddarspore er ei opptil 0,5(–1) m høg, fleirårig urt med greina og fint håra stengel. Blada er handdelte heilt til grunnen i 3–5 flikar eller småblad som i sin tur er delte i 1–3 mm breitt linjeforma flikar. Blomane sit i ein topp og er store, monosymmetriske med fem, oftast djupt blå, meir sjeldan bleikare eller nesten kvite, petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Blomen har òg fire korte kronblad som er blåfiolette i fargen, og dei to øvre er ikkje samanvaksne og stikk inn i sporen som to nektarium. Arten har oftast tre, stundom fem, fruktblad som vert til oftast håra skolmkapslar.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kinariddarspore er innført som prydplante og er berre funnen éin gong som forvilla i Hamar (Hedmark) i 1892. Arten er heimleg i Sibir og Kina.

Kommentarar

Materialet frå Hamar stemmer visstnok ikkje heilt godt med arten slik han opptrer i Sibir, med dette er ikkje kritisk undersøkt. Arten vert truleg ikkje dyrka ofte i Noreg.

Forvekslingar

Kinariddarspore skil seg frå hageriddarspore D. elatum m.a. i at han har smale, linjeforma bladflikar, medan hageriddarspore har nokså breie bladflikar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Delphinium L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 324–326.

Walters SM, Alexander JCM, Brady A, Brickell CD, Cullen J, Green PS, Heywood VH, Matthews VA, Robson NKB, Yeo PF og Knees SG (red.) (1989). The European Garden Flora. Volume III. Dicotyledons (Part I). Cambridge University Press, Cambridge.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kinariddarspore Delphinium grandiflorum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286525. Lasta ned <dag/månad/år>.