Hageballblom er innført som prydplante, men berre kjend som forvilla eit par stader i landet, i Tromsø i 2003 og i Ålesund frå 2016. Arten kjem opphaveleg frå Vest-Sibir og Sentral-Asia.

Kjenneteikn

Hageballblom er ei 20–80 cm høg, fleirårig urt med rak og snau, ugreina eller fågreina stengel. Blada er snaue, blanke og djupt handflika. Blomane sit enkeltvis og er oftast 3,5–4,5 cm breie og opent skålforma eller bolleforma med 10–15 (eller opptil 20) breitt elliptiske eller omvendt eggforma, oransjeraude eller oransje (sjeldan mørkt gule), petaloide (kronbladliknande) begerblad som dekkjer kvarandre. Innanfor desse sit mange små, smale kronblad (nektarium) som er lengre enn pollenberarane, men kortare enn begerblada. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar.

Blada er snaue, blanke og djupt handflika med nokså smale og spisse flikar.

Dei små, smale kronblada som sit innanfor dei farga begerblada, er lengre enn pollenberarane men kortare enn begerblada.

Blomane sit enkeltvis og er opent skålforma og oftast oransje.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hageballblom er innført og har vore ein særs vanleg hageplante i fjelldalane og nordpå. Han er noko mindre dyrka i dag enn tidlegare, men framleis ofte å sjå. Han er funnen forvilla berre i Tromsø (Troms) og Ålesund (Møre og Romsdal). Arten er heimleg i Vest-Sibir og Sentral-Asia.

Forvekslingar

Hageballblom skil seg frå ballblom i oransje (ikkje reint gule) og noko meir opne blomar.

Kommentarar

Hybriden mellom hageballblom og vår heimlege ballblom T. europaeus er oppstått spontant éin stad i Sør-Trøndelag (Røros). I Russland har denne hybriden ei stor utbreiing kring nordlege Ural. Her veks han i møtesona mellom dei to foreldreartane, men er nokså uavhengig av dei og er rekna som ein sjølvstendig hybridart: T. ×apertus Perfil. ex Igoschina (sjå Elven mfl. 2011).

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Elven R, Murray DF, Razzhivin V Yu og Yurtsev BA (red.) 2011. Annotated checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org

Liangqian L og Tamura M (2001). Trollius Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 137–142.

McIntosh F (1989). Trollius Linnaeus. I: Walters SM, Alexander JCM, Brady A, Brickell CD, Cullen J, Green PS, Heywood VH, Matthews VA, Robson NKB, Yeo PF og Knees SG (red.), The European Garden Flora, vol. III, Dicotyledons (Part I): 337–338. Cambridge University Press, Cambridge.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hageballblom Trollius asiaticus L. www.artsdatabanken.no/Pages/324891. Lasta ned <dag/månad/år>.