Klokkejulerose, òg kalla stankjulerose, kjem opphaveleg frå Sørvest- og Vest-Europa, Italia og Marokko. Arten er framand i Noreg og innført som prydplante. Han er funnen berre éin gong hos oss, i Larvik, og er truleg forvilla frå dyrking. Artsbestemminga er litt usikker.

Kjenneteikn

Klokkejulerose er ei kortlevd, fleirårig urt med noko forveda grunn og utan eller med dårleg utvikla jordstengel. Planten vert opptil 80 cm høg. Dei talrike stengelblada er smalt handflika og vintergrøne med lang bladstilk. Blomestanden er ein ofte stor kvast med mange, hengjande og klokkeforma blomar som er 1–3 cm breie. Begerblada er petaloide (kronbladliknande) og gulgrøne med brunlilla kant. Blomane har ei svak og ubehageleg lukt (“foetidus” betyr at han stinkar). Arten vert difor òg kalla stankjulerose. Fruktblada vert til tre til fire skolmkapslar med frø som har elaiosom-vedheng og som blir maurspreidde.

Kromosomtal

Tetraploid med grunntal x = 8. 2n = 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Klokkejulerose er førebels berre funnen éin gong i Larvik (Vestfold) i 2014, truleg i ei gate. Arten er heimleg i Vest-Europa nord til Tyskland og Storbritannia og i Nordvest-Afrika. I Storbritannia veks han i skog og kratt på kalkrik grunn. Arten er skyggetolande og er elles i Norden stundom etablert i hekkar i hagar, på bakkeskråningar og i lauvskog i Danmark og Sør-Sverige.

Forvekslingar

Klokkejulerose kan bli forveksla med dei andre julerose-artane som vert dyrka i Noreg, men han skil seg frå desse i den forveda grunnen, dei talrike stengelblada og på dei klokkeforma blomane.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Helleborus L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 331–333.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Klokkejulerose Helleborus foetidus L. www.artsdatabanken.no/Pages/324739. Lasta ned <dag/månad/år>.