Balkansymre er ein innført prydplante som nokså nyleg har forvilla seg ut i naturen.

Balkansymre er ein lågvaksen plante som er innført og dyrka som prydplante. Han kjem opphaveleg frå Søraust-Europa og Vest-Asia og er bufast nokre få stader i Sør-Noreg. Arten har mange, smale og kronbladliknande begerblad som oftast er blå, men som meir sjeldsynt kan vere rosa eller kvite, og som er snaue på utsida.

Kjenneteikn

Balkansymre er ei fleirårig urt med knollforma jordstengel. Planten vert opptil 20 cm høg. Han har 1–3 stenglar frå kvar jordstengel. Stenglane er oftast håra, særskilt i øvre del, og dei har tre langskafta stengelblad som er djupt treflika og som sit i krans på stengelen. Blomane sit einskilde eller to, sjeldnare tre, saman på kvar stengel. Kronblad manglar, men begerblada er petaloide (kronbladliknande), smale, 12–15 i talet, og sit i éin krans. Dei er oftast blå, sjeldnare rosa eller kvite, og finhåra på undersida. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte, og smånøttene er håra med eit krøkt nebb. Vi veit ikkje korleis dei vert spreidde.

Balkansymre har smale og oftast blå, kronbladliknande begerblad som er snaue på utsida.

Kromosomtal

Hovudsakleg diploid med nokre tetraploide tal, med grunntal x = 8. 2n = 16 (32). Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Balkansymre er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla i norsk natur og bufast, og han veks i skogkantar og på grasmark, hovudsakleg knytt til boreonemoral og sørboreal sone, og han er funnen i Hvaler (Østfold), Oslo, Bærum (Akershus), Løten (Hedmark), Drammen og Lier (Buskerud), Karmøy (Rogaland) og Trondheim (Sør-Trøndelag). Arten er heimleg i Søraust-Europa og Vest-Asia.

Kommentarar

Stundom vert denne arten rekna til slekta Anemonoides Mill.

Balkansymre A. blanda og fjellsymre A. apennina L. har begge vore angjevne frå Noreg, men det norske herbariematerialet som var ført til fjellsymre, er ombestemt til balkansymre. Balkansymre liknar på fjellsymre, men ho skil seg frå fjellsymre i at begerblada er snaue på utsida, medan dei er håra på utsida (nedst) hos fjellsymre. Fruktstanden er dessutan nikkande hos balkansymre, medan han er opprett hos fjellsymre. Balkansymre har dessutan knollforma jordstengel, medan fjellsymre har ein krypande, riktignok nokså kort, jordstengel. Fjellsymre er funnen forvilla mange stader i Danmark og nokre stader i Sverige og Finland (Uotila 2001) og kan godt bli funnen i Noreg òg.

Forvekslingar

Sjå under kommentarar.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad. 197s.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Balkansymre Anemone blanda Schott & Kotschy www.artsdatabanken.no/Pages/286359. Lasta ned <dag/månad/år>