Kronsymre er ein middels stor plante som er innført og dyrka som prydplante. Han kjem opphaveleg frå Søraust-Europa og Vest-Asia og er berre funnen éin stad i Østfold, der det er uvisst om han er forvilla eller dyrka.

Kjenneteikn

Kronsymre er ei fleirårig urt med krypande jordstengel. Planten vert ca. 20–40 cm høg. Han er håra. Grunnblada er stilka og dobbelt trekopla med smale og tanna bladavsnitt. Stengelblada er djupt flika og utan bladskaft og sit nokså høgt oppunder blomen. Blomane sit enkeltvis og er store, oftast 3–8 cm breie. Kronblad manglar, men begerblada er breie og petaloide (kronbladliknande), 5–8 i talet, og dei er rosa, raude eller fiolette, ofte med ei bleik sone i midten. Dei sit i éin krans. Pollenknappane er blå. Blomane er insektpollinerte. Smånøttene er tett ullhåra.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kronsymre er innført og vert dyrka som prydplante. Arten er funnen berre éin stad i Rakkestad (Østfold) i 1961, der det er uvisst om han var forvilla eller dyrka på staden. Arten er heimleg i Søraust-Europa og Vest-Asia.

Kommentarar

Dersom oppsplittinga av Anemone vert gjennomført til det ytste, er det berre denne arten av dei som er funne i Noreg som vert att i ei snevert avgrensa Anemone-slekt.

Forvekslingar

Kronsymre har ingen forvekslingsartar.

Kjelder

Brickell CD (1989). Anemone Linnaeus. I: Walters SM, Alexander JCM, Brady A, Brickell CD, Cullen J, Green PS, Heywood VH, Matthews VA, Robson NKB, Yeo PF og Knees SG (red.): The European Garden Flora, vol. III, Dicotyledons (Part I): 349–355. Cambridge University Press, Cambridge.

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293-307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kronsymre Anemone coronaria L. www.artsdatabanken.no/Pages/324954. Lasta ned <dag/månad/år>.